Herøy Kommune
Infrastruktur Nørvågen
Prosjekt 70029 Infrastruktur Nørvågen er ei oppgradering av eksisterande infrastruktur ved å utvide veg, bygge fortau og offentleg avlaup. Samstundes vil andre etatar oppgrader sine anlegg i varierande grad, sjå konkurransegrunnlag for meir informasjon. Det vert samstundes lyst ut konkurranse for ny bru til Vågsholmen og desse to prosjekta får grensesnitt som gjer at dei valte entreprenørane må koordinere arbeida sine. Prosjektet vil også innebere trafikkavvikling då vegen ikkje kan stengast. Sjå konkurransegrunnlag for meir informasjon.