Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Anleggs- og veibygging

Herøy Kommune trenger bygge- og anleggskompetanse for å levere et dagaktivitetssenter i Svingen 4, Møre og Romsdal. Dagsenteret skal inkludere administrasjon, kafé, brukarfasiliteter som grupperom og et sanserom, med hovedfokus på innvendig ombygging og opsjoner som bytte av vinduer og ytterdører. Anbudets vekting er pris 50 %, klima og miljøhensyn 30 %, og kvalitet 20 %.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Herøy kommune skal etablere eit lavterskel dagaktivitetssenter for å gje eit tilbod til innbyggarar som per i dag ikkje har eit aktivitetstilbod på dagtid. Dagsenteret skal etablerast i Svingen 4 med eit bruksareal på om lag 480 kvm i 1.etg. Grovt sett so vert det tredelt innhald: administrasjon, kafé og brukarfasilitetar. Med brukarfasilitetar meinast grupperom med hensiktsmessig møblering og oppbevaring av utstyr til aktivisering. I tillegg skal det etablerast eit sanserom. Svingen 4 vart oppført rundt 2000 og har vore nytta som næringsbygg (kontor) fram til no. Det er primært innvendig ombygging vi ber om pris på. Men det skal lagast nye opningar i fasade mot aust og vi ber om opsjonspris på mellom anna bytte av vindauge og ytterdører. Proskjektet har 10 ulike opsjonar. Det vert synt til konkurransegrunlaget og kravsspesifikasjon/funksjonsbeskrivingar for ytterlegare informasjon.

    Kontakt navn
    Jan Driveklepp
    Kontakt telefon
    +47 70081317
    Adresse
    Rådhusgata 5, 6090 FOSNAVÅG

Tildelingskriterier

    Beskrivelse

    Pris inklusiv opsjonar. Vert vekta 50 %

    Beskrivelse

    Leverandør skal gjere greie for korleis dei kan redusere klimagassutslepp i gjennomføringa av entreprisen. Følgjande spørsmål skal svarast ut. 1. Korleis kan leverandør redusere klimagassutslepp knytt til sjølve ombyggingsarbeida ? (Avfallshandtering, transport til/frå, materialbruk. maskinpark, kjeldesortering mm) 2. Gjere greie for kva materiell som kan gjenbrukas i Svingen 4 og korleis leverandør skal jobbe med gjenbruk/ombruk i prosjektet. 3. Andre moglege tiltak som leverandør ser prosjektet kan ta med seg for å redusere klima- og miljøpåverknaden.

    Beskrivelse

    1. Tilbode personell: Namn og CV for følgande tilbode personell. CV skal innehalde opplysningar om utdanning, kurs, arbeidserfaring og gjere greie for personens kompetanse og være på omlag 3 sider: 1. Prosjektleiar hos totalentreprenør 2. Anleggs-/byggeleiar hos totalentreprenør. 2. Referanseprosjekt: Gjere greie for tilbode personells (sjå ovanfor) referanseprosjekt med overføringsverdi dei siste åra (maks 3 stk.). Den skal min. innehalde følgjande opplysningar og være på omlag 1 A4-side pr referanseprosjekt: • prosjektets namn • oppdragsgivar • prosjektets storleik i kvm og kostnad • oppdragets kontraktsverdiverdi eks mva • type entreprise • type bygg tilbode personells oppgåver/rolle i prosjektet • oppstartstidpunkt og ferdigstillingstidspunkt (år)/dersom ikkje ferdig - kvar man er i prosjektet. Det skal oppgis namn og telefonnummer til kontaktperson hjå byggherre i dei aktuelle referanseprosjekt. Herøy kommune skal ha moglegheit til å kontakte dei oppgitte kontaktpersonane (min 2 stk.) for deira evaluering knytt til gjennomføring av oppdraget. Det vil være dei 2-3 best rangerte tilbydarane som det eventuelt vil verte innhenta referansar for. Herøy kommune sine eigne erfaringar med tilbode personell, kan verte vektlagd. 3. Gjennomføringsplan: Det skal utarbeidast ein kort gjennomføringsplan der prosjektstyring, møtestruktur, forventa framdrift og særlege utfordringar vert opplyst. Framdriftsplan skal syne datoar for oppstart, overlevering og andre milepålar.

Se hele utlysningen

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner