Konkurransen er avsluttet og vinner har blitt valgt.
Brief
Arkitekttjenester
Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har inngått avtale med Norconsult Norge AS for kompetanse til å levere realitetsvurdering av dreneringstiltak på Åknes i Stranda kommune. Anbudets vekting var pris: 20%, oppgåveforståing: 40%, erfaring og kompetanse: 40%.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har inngått kontrakt med ein leverandør for realitetsvurdering av aktuelle tiltak for drenering av fjellpartiet Åknes i Stranda kommune. Det skal gjerast ei vurdering av korleis aktuelle tiltak teknisk let seg gjennomføre, er tryggingsmessig forsvarleg og gjev ønska effekt.Hovedtrekkene i prosedyrenI perioden 2017 til 2021 gjennomførte NVE eit kunnskapsprosjekt (NVE rapport nr. 20/2021) for å sjå på moglegheita for drenering av overflatevatn og grunnvatn frå det ustabile fjellpartiet på Åknes, med formål om å redusere risikoen for fjellskred. Med bakgrunn i kunnskapsprosjektet, har NVE vurdert at det føreligg nok kunnskap om dei geologiske og hydrologiske forholda, og at ein stegvis bør gå vidare med meir detaljert planlegging for drenering av overflatevatn og grunnvatn. Oppdraget i denne utlysinga er ei realitetsvurdering av aktuelle dreneringstiltak. NVE vil ha høve for å vidareføre samarbeidet med rådgjevaren for utføring av detaljprosjektering av anbefalt løysing. For meir informasjon om anskaffinga sitt omfang og innhald, sjå konkurransegrunnlaget og Vedlegg 1 Oppdragsgjevars oppdragsskildring.