- Tittel
- Anskaffing av lift med chassis til Voss brannvern - kvalifiseringsfasen (fase 1)
- Tildelingskriterium 1
Pris
Pris Evalueringsprisen består av summen av ulike priselement, rekna over levetida til liften, her under:
- Pris for komplett køyretøy (chassis og lift), ferdig montert og akseptansetesta
- Pris servicaavtale lift, over 20 år
- Pris sakkyndig kontroll, over 20 år
- Pris for komplett revisjon av lift i samsvar med produsenten sine krav
Pris på service av chassis er ikkje omfatta av kontrakten, og er ikkje inkludert i evalueringsprisen.
Sjå bilag 4 Prisskjema for detaljar over kva for priselement som inngår i evalueringa.
Dokumentasjon: Ferdig utfylt Bilag 4 Prisskjema
- Tildelingskriterium 2
Levetid ut over 20 år
Oppdragsgjevar legg til grunn at køyretøyet vert seld vidare etter 20 år. Årleg forventa køyrelengde er inntil 2000 km per år. Det vil bli gitt høgare utteljing dersom køyretøyet har dokumentert levetid ut over 20 år.
Dokumentasjon: Leverandøren si eiga skildring på inntil 1 A4 side.
Dersom skildringa er på meir enn 1 side, vil berre den fyrste sida bli vurdert. Eventuelle lenker og vedlegg vil ikkje bli vurdert.
- Tildelingskriterium 3
Servicevilkår lift
For oppdragsgjevar er det særs viktig at liften har høg «oppetid». Forventa brukstid er 20 år. Det er ein fordel om mellom anna servicearbeid, reparasjonar, samt naudsynte kontrollar av liften vert utført på ein måte som bidreg til dette.
Relevante tiltak er mellom anna:
- Om og i kva grad oppdragsgjevar har høve til å gjennomføre feilretting via fjernhjelp, for ulike relevante område, på ein lettfatteleg måte.
- Tidslengde på gjennomføring av service og sertifisering
Tiltaka må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante døme.
Dokumentasjon:
- Leverandøren si eiga skildring på inntil 10 A4 sider, inkludert bilete, og/eller:
- Lenke til video, der det vert demonstrert kva område som er aktuelle for feilretting via fjernehjelp, og korleis dette vert gjort i praksis, og /eller:
- Gjennomføring av demonstrasjon, til dømes gjennomgang av demoversjon for feilrettingsfunksjonalitet via fjernhjelp på Teams eller tilsvarande.
- Kvalifikasjonskrav 1
"Totale" årsomsetning
Leverandørens ("totale") årsomsetning for det antall regnskapsår som det anmodes om i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene, er som følger: Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav: Leverandøren må minimum har hatt ei årsomsetjing på 20,0 MNOK for siste tilgjengelege rekneskapsår (2022). Dette svarar til i underkant av 2 gonger kontrakten sin verdi.
Dokumentasjon: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd.
Eller
Leverandørens årsregnskap, årsberetning og revisjonsberetning for de siste tre år og nyare opplysningar (kvartalsregnskaper) som har betydning for leverandørens rekneskapstal.
- Kvalifikasjonskrav 2
Øvrige økonomiske og finansielle krav
Når det gjelder eventuelle øvrige økonomiske og finansielle krav som har blitt angitt i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene erklærer leverandøren at: Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å handtere kontraktsforpliktelsene. Leverandøren må ha tilstrekkeleg eigenkapital og likviditet til at selskapet blir vurdert som kredittverdig, slik at det er låg risiko forbunde med å inngå ein langvarig kontrakt. Det er ikkje tilstrekkeleg å ha score «kreditt mot sikkerheit».
Dokumentasjon: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd.
Eller
Leverandørens årsregnskap, årsberetning og revisjonsberetning for de siste tre år og nyare opplysningar (kvartalsregnskaper) som har betydning for leverandørens rekneskapstal.
- Kvalifikasjonskrav 3
Attester utstedt av uavhengige organer for kvalitetssikringsstandarder
Kan leverandør fremlegge attester utstedt av uavhengige organer som dokumentasjon for at leverandøren oppfyller de angitte kvalitetssikringsstandardene, inkludert krav til universell utforming? Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til kvalitetsstyring:
Leverandør skal ha gode rutinar for kvalitetsstyring. Dette kravet gjeld for leverandør som er ansvarleg for leveransen, og for produsent av både chassis og lift.
Dokumentasjon: Ei skildring av leverandørane sine metodar for kvalitetsstyring, med vekt på kvalitetssikring,
ressursstyring, leiingas ansvar og kontinuerleg analyse og forbetring.
Dersom leverandørane er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande standardar vil det vera tilfredsstillande å leggja fram kopi av gyldig sertifikat.
- Kvalifikasjonskrav 4
Attester utstedt av uavhengige organer for miljøledelsesstandarder
Er leverandøren i stand til å fremlegge attester utstedt av uavhengige organer som dokumentasjon for at leverandøren oppfyller de angitte miljøledelsessystemene eller -standardene? Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til miljøleiingssystem: Leverandøren må ha system og rutinar som sikrar lav miljøbelastning ved gjennomføring av oppdraget. Dette kravet gjeld for leverandør som er ansvarleg for leveransen, og for produsent av både chassis og lift.
Dokumentasjon: Ei skildring av leverandørane sine system og rutinar («miljøpolicy») som bidreg til lav miljøbelastning ved utføring av leveransen.
Dersom leverandørane er sertifisert etter ISO 14001, EMAS, Miljøfyrtårn eller tilsvarande 3. partsverifiserte system vil det vere tilstrekkeleg å leggje fram kopi av gyldig sertifikat. Kopi av sertifikat treng ikkje være på norsk.
- Kvalifikasjonskrav 5
Registrert i handelsregister eller foretaksregister
Leverandør er registrert i et foretaksregister eller et handelsregister i medlemsstaten som leverandøren er etablert i. Som beskrevet i bilag XI til direktiv 2014/24/EU; leverandører fra visse medlemsstater kan være nødt til å oppfylle andre krav i nevnte bilag. Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav: Leverandøren skal vera registrert i eit foretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert.
Dokumentasjon: • Norske tilbydarar: Firmaattest.
• Utanlandske tilbydarar: Stadfesting på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit bransjeregister i samsvar med lovgjevinga i det landet kor tilbydaren er etablert
- Kvalifikasjonskrav 6
Bare for offentlige vareleveranser
Bare for offentlige vareleveranser: I referanseperioden har leverandøren utført følgende viktige vareleveranser av den etterspurte type, eller følgende viktige tjenester av den etterspurte type. Oppdragsgiver kan kreve opp til tre års erfaring og tillate at det tas hensyn til erfaring fra tiden før de seneste tre år.
Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til erfaring: Leverandøren skal ha erfaring frå samanliknbare oppdrag.
Med liknande oppdrag er det meint leveranse av køyretøy (lift med chassis), inkludert oppfølging av garantiordningar og gjennomføring av serviceavtalar tilsvarande det som vert omfatta av denne avtalen.
Dokumentasjonskrav: Skildring av leverandøren sine relevante oppdrag i løpet av dei siste 5 åra. Skildringa må inkludere opplysningar om:
- Namn på mottakar av tenesta (kunde/ oppdragsgjevar), med namn på konktakpersonen
- Tidspunkt (frå/til)
- Kontraktsverdi for leverandøren
- Kort skildring av leveransen og kva leveransar leverandøren sto for (type tenester/ oppgåver som vart utført, og
leverandøren sin rolle), inkludert garantiordning, serviceavtaler osb.
Det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren kan dokumentere erfaringa ved å vise til kompetanse til personell han rår over og kan nytte til dette oppdraget, sjølv om erfaringa er opparbeidd medan personellet har utført teneste for ein annan leverandør.
Nytt mal for referanseskjema vedlagt som del I vedlegg 5.