Voss herad skal sanere den gamle skulen på Oppheim, i samband med ei planlagd rehabilitering av bygget. Bygget er frå 1972, då det var vanleg å nytte bygningsmateriale med asbest. Det er gjennomført ei miljøkartlegging i bygget, og det er avdekka at store deler av dei innvendige bygningsdelane inneheld stoff som må handterast som farleg avfall ved riving.
Det er mellom anna asbest i innvendige veggplater, i rørisolasjon i teknikkrom og i eternitplater under fasadekledning. Sjå Bilag 2A Miljøkartleggingsrapport for oversikt over dei ulike funna i bygget.
Norconsult har på vegne av oppdragsgjevar utarbeida ein mengdebeskrivelse etter NS3420 (bilag 1A). I denne skildringa er rivingsarbeid og diverse prøvetakingar skilt ut som opsjon. Det er også behov for å gjere noko tilleggsarbeid og endringar, som oppdragsgjevar har skildra i eit eige tillegg, Bilag 1B.
Planlagt oppstart av arbeidet er 07.10.24, med ferdigstilling 30.11.24.
Som kontrakt for gjennomføring av arbeider etter denne anskaffinga nyttast NS 8405Utførelsesentreprise, med dei endringar som kjem fram av kontraktsgrunnlaget.
Estimert kostnad for heile prosjektet er på 2,2-2,7 MNOK ekskl. mva.
Det har allereie vore avhalde synfaring i den avlyste konkurransen, sjå referat datert 22.05.24, slik at for denne konkurransen vert det berre avhalde synfaring på førespurnad. Dersom de ønsker synfaring, må de ta kontakt innan tysdag 06.08.24. Dersom det vert synfaring, vert den halde torsdag 08.08.24 kl. 12.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga blir gjennomført i samsvar med lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser (LOA) og forskrift 12.august 2016 nr. 974 om offentlige anskaffelser (FOA) del I og del II. Kontraktstildeling vil bli gjort etter prosedyren open tilbodskonkurranse jf. FOA § 8-3. Oppdragsgivar planlegg å tildele kontrakt utan å ha dialog med leverandørane utover å gjere eventuelle avklaringar/korrigeringar.
Dialog gjennom forhandlingar kan likevel bli gjennomført dersom oppdragsgivar, etter at tilboda er mottatte, vurderer det som formålstenleg. Utveljinga vil i så fall bli gjort etter ei vurdering av tildelingskriteria. Det blir presisert at ingen leverandørar kan forvente dialog om tilbodet sitt og derfor må levere sitt beste tilbod.
Leverandøren blir på det sterkaste oppfordra til å følgje dei rettleiingane som blir gitt i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg og eventuelt stille spørsmål ved uklare punkt.