Anbudsoversikt for Digital møte- og utvalsportal - Den digitale politikarportalen

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bedriftsrådgivning

Vestland fylkeskommune har behov for å heildigitalisere førebuinga, gjennomføringa og oppfølginga av politiske møte og redusere talet på løysingar som vert nytta til dette i dag. Oppdragsgjevar har ein premiss for løysinga som ligg til grunn for visjonen. • Enkelt Nytt system må handtere møteinnkalling, automatisk varainnkalling, talarliste, forslagsdistribusjon frå dei folkevalde og votering. Administrasjonen og dei folkevalde skal få betre arbeidsvilkår med den nye løysinga, og tidstjuvar og feilkjelder i dagens system vert betrakteleg reduserte. Vestland fylkeskommune ynskjer også at dei politiske møta vert kommunisert betre ut til publikum gjennom den nye løysinga. Det følgjer av vedtak i fylkestinget i Vestland fylkeskommune, sak PS 81/20, at "i utlysing av nye innkjøp og anbod må det så langt råd er, stillast språkkrav til programvare og eventuelt andre digitale hjelpemiddel". Det vert derfor stilt krav til at løysinga kan leverast i nynorsk språkdrakt.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
Digital møte- og utvalsportal - Den digitale politikarportalen
Estimert verdi
4 000 000,00 kr
Kvalifikasjonskrav 1

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Sjå kvalifikasjonsgrunnlag for meir informasjon
Kvalifikasjonskrav 2

Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Sjå kvalifikasjonsgrunnlag for meir informasjon.
Kvalifikasjonskrav 3

- Leverandøren skal ha røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. - Leverandøren skal ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast. - Leverandør må ha relevante tiltak innanfor kvalitetssikring. - Leverandør må ha relevante tiltak innanfor miljøleiing. Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle krava i strekpunkt 3 og 4. Sjå kvalifikasjonsgrunnlag for meir informasjon

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner