Eidfjord kommune har etablert badstova «Kråkebu» på den offentlege badeplassen Kråkeskarvet, ca. 1 km frå Eidfjord sentrum. Badeplassen er eit populært friluftsområde med stupebrett, grill, utedusj og garderobar med toalett på sommarstid. Det er eigen parkeringsplass tilknytt badeplassen.
Badstova stod ferdig i mai 2024 og har det fyrste åra vore gratis og open for publikum. Tilbodet har vore tilgjengeleg dagleg mellom kl. 05:00 og 22:00.
Eidfjord kommune har bygd badstova, drifta den i over eit år, og ynskjer no å setje vekk dagleg drift. Eidfjord kommune ønskjer difor no å etablere ein langsiktig driftsmodell gjennom ein tenestekonsesjonskontrakt med ekstern drivar.
Generelt formål med anbodet er at badstova skal vere:eit attraktivt tilbod for innbyggjarar og besøkandetilgjengeleg for heilårsbrukeit tilbod med positiv effekt på folkehelsaHovedtrekkene i prosedyrenAnbodet omfatter i hovudsak å tildele badstua til ekstern aktør som skal ha drift og vedlikehalds-model på badstova som er teneleg for både oppdragsgjevar og leverandør via ei tenestekonsesjonskontrakt. Der leverandør skal tilby ein driftsmodell som sikrar at badstova på Kråkeskarvet er eit heilårleg tilbod for innbyggjarar og besøkande, med vekt på tilgjenge, folkehelse og enkel bruk. Inngåing av tenestekonsesjonskontrakt inneber at drivar får leigeavtale med kommunen for bruk av offentleg bygg for å tilby tenesta. Tilbydar og brukarar må forhalde seg til reglar som gjeld for offentlege friområde. Leverandøren får ikke eksklusivt rett til bruk av ute område.
For detaljert leveransebeskriving, sjå vedlagde Kravspesifikasjon.