Konkurransen gjelder inngåelse av rammeavtale for brøyting, strøing og feiing av kommunale vegar og plassar i Sauland. Vesentleg endring i konkurransegrunnlagKonkurransen har tidlegare vore kunngjord. Då det ved førre utlysing berre vart motteke eitt tilbod, vert konkurransen no lyst ut på nytt i samsvar med anskaffingslova og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA). Ny utlysing skjer på grunnlag av vesentlege endringar i kontraktsvilkåra.
BeredskapsgodtgjersleLeverandøren skal i heile avtaleperioden stå i beredskap for å kunne gjennomføre oppdrag innan snørydding, strøing og anna vintervedlikehald. For å sikre naudsynt tilgjenge og forsvarleg responstid, skal tilbydar fastsetje og tilby ein fast månadleg pris for beredskap.
Den månadlege beredskapsgodtgjersla skal kompensere for alle kostnader knytte til tilgjenge, personell, maskiner, utstyr og andre nødvendige førebuingar for å kunne utføre oppdrag. Godtgjersla vert utbetalt uavhengig av om det vert gjennomført oppdrag i den aktuelle månaden. Beredskapsgodtgjerlse førast opp i prisskjemaet. Godtgjersle for utførte oppdragI tillegg til den faste beredskapsgodtgjersla skal leverandøren motta vederlag for utførte oppdrag. Slike oppdrag skal godtgjerast etter einingsprisar som tilbydar har oppgjeve i kontraktens prisskjema. Einingsprisane skal reflektere faktisk gjennomførte ytingar, og vert nytta som grunnlag for fakturering basert på registrert mengde og omfang av utførte tenester.Hovedtrekkene i prosedyrenHjartdal kommune har til hensikt å inngå rammeavtale med én leverandør. Rammeavtalens varighet er 4 år, med opsjon på 1 år.
Forventet verdi på rammeavtalen er 3,2 millioner NOK.
Maksimal verdi på rammeavtalen er 4 millioner NOK