Innhaldet i konkurransen består av maskin, VVS og elektro for Høgdebasseng Grøvstøl på Tyinkrysset i Vang kommune. Høgdebasseng og ventilhus vil bli eit knutepunkt for vassforsyning for Tyinkrysset. Knutepunktet bind saman fem ulike trykksoner, trykkauker vidare frå Nye Tyinkrysset vassverk og bind reservevassforsyninga på Børrelie til resten av forsyningsområdet. Bygg, grunn- og betongarbeid er henta inn i eiga entreprise, bassengkammer og bygg er under bygging. Grensesnittet mot bygg-/betongentreprisa vil bli innstøypingsgodset i veggar på ventilhus og høgdebasseng. Innstøypingsgodset blir levert og montert av bygg-/betongentreprenøren. Høgdebassenget, to kammer på 500 m3 kvar, blir utført i betong og nedgravd. Ventilhus med ventilkjellar utførast i betong, med trekledning og torvtak. Denne entreprisa skal stå for alt innhald av røyr, pumper, ventiler, armatur, instrumentering, VVS og elektro.