SIMAS IKS skal inngå kontrakt om levering av éin (1) komplett ny treaksla krokbil med krokpåbygg, klargjord, registrert og ferdig til drift. Bindande krav til køyretøy, påbygg, dokumentasjon, opplæring, service og overlevering går fram av Bilag 1 – Kravspesifikasjon krokbil.
Konkurransen omfattar også innbytte/kjøp av SIMAS sin eksisterande krokbil. Tilbydar skal oppgje full pris for ny komplett krokbil og separat kjøpstilbod/innbyttepris for SIMAS sin eksisterande krokbil. Innbytteprisen skal oppgjevast som ein positiv verdi. Evaluert pris vert rekna som summen av dei prispostane som inngår i prisevalueringa, med frådrag for innbytteprisen. Tilbydar skal fylle ut arket «Prisstruktur» i Bilag 1 og laste opp eige prisvedlegg i KGV. Tilbydar skal ikkje berre levere éin samla nettopris der innbytteverdien er trekt frå.
Konkurransev vert gjennomført som open anbodskonkurranse utan forhandling etter lov om offentlege anskaffingar (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) del III. All kommunikasjon og innlevering av tilbod skal skje via KGV (Artifik).
Kvalifikasjonskrav skal dokumenterast ved ESPD i KGV og omfattar lovleg etablering, økonomisk og finansiell kapasitet, samt teknisk og fagleg kapasitet, inkludert relevante referansar og dokumentert verkstadnett/serviceapparat.
Tildeling skjer på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, basert på følgjande kriterium: Pris (40 %), Miljø (30 %), Kvalitet og yting (20 %) og Service og oppetid (10 %).
Kontrakten vil nytte DFØ sine standard kontraktsvilkår for kjøp av varer med/eller utan montasje/installering, med eventuelle presiseringar slik det går fram av konkurransegrunnlaget og vedlegga.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Lovleg etablert verksemd Leverandøren skal vere lovleg etablert. Kravet dokumenterast gjennom ESPD. For norske leverandørar kan firmaattest og skatteattest hentast automatisk via eBevis der dette er tilgjengeleg.
Leverandøren skal stadfeste at det ikkje ligg føre forhold som utløyser obligatoriske eller frivillige avvisningsgrunnar etter lov om offentlege anskaffingar og forskrift om offentlege anskaffingar del III.
Documentation requirements:
Kravet dokumenterast gjennom utfylt ESPD. For norske leverandørar kan firmaattest og skatteattest hentast via eBevis.
Kvalifikasjonskrav 2
Økonomisk og finansiell kapasitet Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å gjennomføre leveransen av komplett ny krokbil med krokpåbygg, inkludert garanti-, service- og oppfølgingsansvar i kontraktsperioden.
Kravet dokumenterast gjennom ESPD. Oppdragsgjevar kan be om årsrekneskap, omsetningstal, nøkkeltal for soliditet eller annan relevant dokumentasjon dersom dette er nødvendig for å vurdere leverandøren sin økonomiske kapasitet.
SIMAS kan avvise leverandør der økonomisk og finansiell kapasitet vert vurdert som utilstrekkeleg til å gjennomføre leveransen på ein forsvarleg måte.
Documentation requirements:
Kravet dokumenterast gjennom utfylt ESPD. Oppdragsgjevar kan be om årsrekneskap, omsetningstal, nøkkeltal for soliditet eller annan relevant dokumentasjon ved behov.
Kvalifikasjonskrav 3
Teknisk og fagleg kapasitet Leverandøren skal ha tilstrekkeleg teknisk og fagleg kapasitet til å levere komplett ny krokbil med krokpåbygg i samsvar med Bilag 1 – Kravspesifikasjon krokbil.
Leverandøren skal ha erfaring frå relevante leveransar av lastebil, krokbil, påbygg, spesialkøyretøy eller tilsvarande leveransar. Leverandøren skal kunne dokumentere minst to (2) relevante leveransar dei siste tre (3) åra.
Leverandøren skal ha tilgang til nødvendig teknisk kompetanse og ressursar for å samordne leveransen av chassis, krokpåbygg, dokumentasjon, klargjering og overlevering. Kapasiteten kan vere basert på leverandøren sine eigne ressursar og/eller dokumentert tilgang til underleverandørar og samarbeidspartnarar.
Documentation requirements:
Kravet dokumenterast førebels gjennom utfylt ESPD.
Oppdragsgjevar kan be om nærare dokumentasjon av referansar, teknisk kapasitet, organisering av leveransen og tilgang til nødvendige underleverandørar eller samarbeidspartnarar før tildeling eller ved behov.
Kvalifikasjonskrav 4
Servicekapasitet og responstid Leverandøren skal ha tilstrekkeleg servicekapasitet til å gjennomføre garanti-, service- og oppfølgingsansvaret som følgjer av Bilag 1 – Kravspesifikasjon krokbil.
Leverandøren skal ha dokumentert tilgang til kvalifisert servicepersonell, verkstadkapasitet, teknisk støtte for chassis og krokpåbygg og nødvendig delelogistikk for SIMAS sitt geografiske område.
Kapasiteten kan vere basert på leverandøren sine eigne ressursar og/eller dokumentert tilgang til autoriserte verkstader, underleverandørar og samarbeidspartnarar.
Documentation requirements:
Kravet dokumenterast førebels gjennom utfylt ESPD/eigenerklæring.
Oppdragsgjevar kan be om nærare dokumentasjon av serviceapparat, verkstadkapasitet, kvalifisert personell, teknisk støtte og reservedelstilgang før tildeling eller ved behov.