Alver kommune har behov for å inngå avtale om kjøp av drosjetenester til ulike brukargrupper i kommunen. Kommunen har gjennomført marknadsundersøkingar som viser at det berre er Nordhordland Taxi SA som har kapasitet til å levere drosjetenester i det omfanget og med dei krava til fleire køyretøy – mellom anna tilpassa brukarar med nedsett funksjonsevne, som til dømes rullestolbrukarar – som Alver kommune har behov for.Resultata frå marknadsundersøkinga blir ytterlegare stadfesta gjennom den førre konkurransen i samband med tidlegare kontrakt, der det òg berre var Nordhordland Taxi SA som leverte tilbod.På bakgrunn av dette blir det vurdert at det ikkje finst reelle alternative leverandørar som kan tilby drosjetenester i samsvar med kommunen sitt behov og dei gjeldande krava til kvalitet, tilgjengelighet og kapasitet.Det blir difor vurdert at vilkåra for å nytte unntak frå konkurranse etter forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) § 13-4 bokstav b er oppfylte, ettersom manglande konkurranse skuldast at berre éin leverandør objektivt sett er i stand til å levere tenesta. Avtale kan difor inngåast direkte med Nordhordland Taxi SA.