Anbudsoversikt for Prosjektbistand utstedervirksomhet

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bedriftsrådgivning

Denne anskaffinga omfattar naudsynt prosjektbistand (prosjektleiar og prosjektressursar) for gjennomføring av prosessen med etablering, organisering og utskiljing av utstedarverksemda frå Ferde AS. For avhendingsprosessen er det allereie etablert kontrakt med ein aktør for finansiell og juridisk  tilrettelegging.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Oppdragsgiver
Tittel
Prosjektbistand utstedervirksomhet
Estimert verdi
10 000 000,00 kr
Kvalifikasjonskrav 1

Krav: Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. Dokumentasjon: Norske selskap: Firmaattest. Utanlandske selskap: Godtgjersle på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

Krav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne oppfylle kontrakten. Kredittverdigheit utan krav til å stille sikkerheit vil vere tilstrekkelig til å oppfylle kravet. Dokumentasjon: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd.
Kvalifikasjonskrav 3

Krav: Leverandøren skal ha erfaring frå oppdrag som kan samanliknast. Dokumentasjon: Skildring av leverandøren mest relevante oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. Skildringa må inkludere opplysning om verdi, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post) av oppdraget. Det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren kan dokumentere erfaringa ved å vise til kompetanse til personell han rår over og kan nytte til dette oppdraget, sjølv om erfaringa er opparbeidd medan personellet har utført teneste for ein annan leverandør. Krav: Leverandøren skal ha kapasitet til å gjennomføra kontrakten. Dokumentasjon: Kort skildring av tilgjengelege ressursar for gjennomføring av prosjektbistanden.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner