Rammeavtalen gjeld kjøp av bassengleiker, badetøy og andre bassengartiklar. Rammeavtalen inneheld eit hovudsortiment, beståande av produkta i Vedlegg 3, Bilag 1 «Prisskjema». I tillegg inneheld Rammeavtalen eit tilleggssortiment beståande av andre produkt leverandøren kan tilby innan kategoriane bassengleiker, badetøy og andre bassengartiklar. Typiske produkt som inngår i tilleggssortimentet er ulike variantar av tilbodne produkt i hovudsortimentet, andre fargar av tilbodne produkt, samt produkt som naturleg inngår i kategoriane rammeavtalen inneheld. Utover det som kjem fram i Vedlegg 3, Bilag 1 «Prisskjema» nemnast blant anna følgjande kategoriar: • Oppbevaring i form av hyller, skap, utstyrsvogn og liknande • Banetau • Livredningsbøyar • Livredningsdukke • Step- kasser • Våtromsmatte • Våtromsmøblar, for eksempel barnestolar og liknande • Pakkar med produkt. Både pakkar med forskjellige typar produkt, og pakkar med større tal av same produkt. Kunden er ikkje bunde av Rammeavtalen når det gjeld kjøp av produkt i leverandørens tilleggssortiment. Det inneber at Kunden kan kjøpe produkt i tilleggssortimentet frå andre leverandørar dersom det vurderast som formålstenleg, for eksempel dersom leverandøren tilbyr høgare pris enn det som er mogleg å oppnå i marknaden.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov av 17. juni 2016 nr. 69 om offentlege anskaffingar (LOA) og forskrift av 12. august 2016 nr. 974 om offentlege anskaffingar (FOA) del I.
Oppdragsgjevar planlegg å tildele kontrakt utan å ha kontakt med leverandørane utover å gjere eventuelle mindre avklaringar/korrigeringar av tilboda.
Dialog kan likevel bli gjennomførte dersom Oppdragsgjevar, etter at tilboda er mottekne, vurderer det som føremålstenleg. Oppdragsgjevar forbeheld seg retten til å redusere talet på tilbodet det vert gjennomført dialog om. Utveljinga av tilbod vil i så tilfelle bli gjort etter ei evaluering av første tilbod opp mot tildelingskriteria. Det gjerast likevel oppmerksam på at ingen leverandørar kan forvente dialog om tilbodet sitt, og leverandørane oppfordrast difor om å levere sitt beste tilbod.