- Tittel
- Rammeavtale elektrikartenester - kvalifiseringsfasen (fase 1)
- Estimert verdi
- 30 000 000,00 kr
- Tildelingskriterium 1
Pris
Pris Evalueringsprisen består av summen av følgande prisposter, multiplisert med årleg estimert uttak for kvar post (linje):
• Nettopris (kostpris) per vare for eit representativt utval produkt
• Timeprisar, ulike kategoriar
• Tilbydd oppmøtepris på Voss
Sjå Bilag 4 Prisskjema for oversikt over varer og tenester som vi ber dykk prise.
Dokumentasjon: Ferdig utfylt Bilag 4 Prisskjema
- Tildelingskriterium 2
Klima og miljø
Det vert under dette kriteriet gjort ein skjønnsmessig vurdering av rutinar og tiltak som bidreg til å redusere miljøbelastninga ved gjennomføring av kontrakten. • Planlegging av logistikk, slik at ein reduserer tal på køyrekilometer, t.d. ved synfaring, under utføring og ved handsaming av byggeavfall
• Rutinar for handsaming av ulike typar avfall og sortering
• Rutinar og tiltak som kan hjelpe oppdragsgjevar til å gjere produktval og velje løysingar som reduserer miljøbelastinga, og stimulere til gjenbruk, der det er relevant.
• Eventuelle andre relevante klima- og miljøtiltak vil også bli vurdert
Tiltak og rutinar må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante døme.
Dokumentasjon: Leverandøren si eiga skildring, på inntil 2 A4-sider, skrift minimum 10.
Dersom skildringa er på meir enn 2 sider, vil berre dei to fyrste sidene bli vurdert. Eventuelle lenker og vedlegg vil ikkje bli vurder.
- Tildelingskriterium 3
Kvalitet og ressursbruk
Det vil under dette kriteriet bli evaluert på korleis leverandøren vil organisere tilgjengelege ressursar, på ein måte som fører til at det vert levert høg kvalitet på tenestene, samstundes som ein nyttar få timar, på ulike avrop som er aktuelle på denne avtalen. Ulike avrop er alt frå enkle oppdrag, der ein person kan gjere jobben på kort tid, eller større og meir langvarige oppdrag der det krevst fleire ressursar.
Med aktuelle ressursar er det meint fagarbeidarar og lærlingar osb.
Døme på tiltak som kan få utteljing er mellom anna planlegging og organisering av arbeidet, høg bruk av fagarbeidarar med lang erfaring, og/eller bruk av faste ressursar, bruk av riktig kompetanse, hensiktsmessig bruk av lærlingar, t.d. når det er noko nytt å lære, og/ eller når det krevst to ressursar. (Det er ikkje ei føremon for oppdragsgjevar dersom leverandør planlegg å nytte lærlingar på alle oppdrag, då dette vert svært kostbart, utan at kvaliteten på arbeidet vert betre.)
Tiltak og rutinar må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante og praktiske døme.
Dokumentasjon: Leverandøren si eiga skildring, på inntil 1 A4-side, skrift minimum Arial 10, normale margar.
Dersom skildringa er på meir enn 1 side, vil berre den fyrste sida bli vurdert. Eventuelle lenker og vedlegg vil ikkje bli vurdert.
- Kvalifikasjonskrav 1
Øvrige økonomiske og finansielle krav
Når det gjelder eventuelle øvrige økonomiske og finansielle krav som har blitt angitt i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene erklærer leverandøren at: Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å handtere kontraktsforpliktelsene.
Minstekrav:
Kredittverdig utan krav til sikkerheit.
Dokumentasjon: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Ratinga skal vere utført av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive slik verksemd.
Eller
Leverandørens årsregnskap, årsberetning og revisjonsberetning for de siste tre år og nyare opplysningar (kvartalsregnskaper) som har betydning for leverandørens rekneskapstal.
- Kvalifikasjonskrav 2
Attester utstedt av uavhengige organer for kvalitetssikringsstandarder
Kan leverandør fremlegge attester utstedt av uavhengige organer som dokumentasjon for at leverandøren oppfyller de angitte kvalitetssikringsstandardene, inkludert krav til universell utforming? Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Kvalitetsstyring: Leverandør skal ha gode rutinar for kvalitetsstyring
Dokumentasjon: Ei skildring av leverandøren sine metodar for kvalitetsstyring, med vekt på kvalitetssikring,
ressursstyring, leiingas ansvar og kontinuerleg analyse og forbetring.
Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande standardar vil det vera tilfredsstillande å leggja fram kopi av gyldig sertifikat.
- Kvalifikasjonskrav 3
Attester utstedt av uavhengige organer for miljøledelsesstandarder
Er leverandøren i stand til å fremlegge attester utstedt av uavhengige organer som dokumentasjon for at leverandøren oppfyller de angitte miljøledelsessystemene eller -standardene? Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Miljøleiingssystem
Leverandøren må ha system og rutinar som sikrar lav miljøbelastning ved utføring av oppdrag på denne kontrakten.
Dokumentasjon: Ei skildring av leverandøren sine system og rutinar («miljøpolicy») som bidreg til lav miljøbelastning ved utføring av leveransen.
Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 14001, EMAS, Miljøfyrtårn eller tilsvarande 3. partsverifiserte system vil det vere tilstrekkeleg å leggje fram kopi av gyldig sertifikat.
- Kvalifikasjonskrav 4
Registrert i faglig register
Leverandør er registrert i et faglig register i medlemsstaten som leverandøren er etablert i. Som beskrevet i bilag XI til direktiv 2014/24/EU; leverandører fra visse medlemsstater kan være nødt til å oppfylle andre krav i nevnte bilag. Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til autorisasjon:
Leverandøren skal inneha autorisasjonar for installasjon av elektro (El-virksomhetsregisteret), og tele og data (Nkom).
Dokumentasjon: • Legg ved utskrift frå register, til saman 2 stk.
- Kvalifikasjonskrav 5
Registrert i handelsregister eller foretaksregister
Leverandør er registrert i et foretaksregister eller et handelsregister i medlemsstaten som leverandøren er etablert i. Som beskrevet i bilag XI til direktiv 2014/24/EU; leverandører fra visse medlemsstater kan være nødt til å oppfylle andre krav i nevnte bilag. Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav: Leverandøren skal vera registrert i eit foretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert.
Dokumentasjon:• Norske tilbydarar: Firmaattest.
• Utanlandske tilbydarar: Stadfesting på at selskapet er registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit bransjeregister i samsvar med lovgjevinga i det landet kor tilbydaren er etablert
- Kvalifikasjonskrav 6
Bare for tjenester
Bare for tjenester: I referanseperioden har leverandøren utført følgende viktige vareleveranser av den etterspurte type, eller følgende viktige tjenester av den etterspurte type. Oppdragsgiver kan kreve opp til tre års erfaring og tillate at det tas hensyn til erfaring fra tiden før de seneste tre år.
Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til erfaring: Erfaring
Leverandøren skal ha erfaring frå samanliknbare oppdrag.
Liknande oppdrag er anten rammeavtale innan elektrikartenester, eller fleire enkeltoppdrag av liknande omfang som dei som vert omfatta av denne avtalen.
Dokumentasjon: Skildring av leverandøren sine relevante oppdrag i løpet av dei siste 5 åra. Skildringa må inkludere opplysningar om:
- Namn på mottakar av tenesta (kunde/ oppdragsgjevar), med namn på konktakpersonen
- Tidspunkt (frå/til)
- Kontraktsverdi for leverandøren
- Kort skildring av leveransen og kva leveransar leverandøren sto for (type tenester/ oppgåver som vart utført, og
leverandøren si rolle)
Det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren kan dokumentere erfaringa ved å vise til kompetanse til personell han rår over og kan nytte til dette oppdraget, sjølv om erfaringa er opparbeidd medan personellet har utført teneste for ein annan leverandør.
- Kvalifikasjonskrav 7
Utdanning og faglige kvalifikasjoner
Følgende utdanning og faglige kvalifikasjoner besittes av leverandøren og/eller (avhengig av hvilke krav som er fastsatt i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumenterne) av de ledende medarbeiderne: Minstekrav til kvalifikasjonskrav
Krav til kapasitet og gjennomføringsevne:Leverandøren må ha tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å gjennomføre dei oppdraga som vert omfatta av rammeavtalen innanfor gitte rammer og fristar.
Leverandør må disponere over tilstrekkeleg tal fagarbeidarar til å kunne handtere dei hovudoppgåvene som vert omfatta av denne kontrakten. Med hovudoppgåver er det meint:
• Reparasjonar, utskiftingar, oppgradering og utviding av eksisterande elektrisk anlegg
• Installering av nye anlegg
• Servicearbeid innanfor tele og data
Det er eit krav at leverandøren disponerer over minimum tre elektrikarar med fagbrev og relevant arbeidserfaring, for å handtere kontrakten.
Stor ordretilgang, sjukdom eller andre omstende skal ikkje medføre at tenesta ikkje kan leverast. Leverandøren må ha tilstrekkeleg kapasitet til å handtere oppdrag under ferieavvikling, sjukdom og anna fråvær.
Dokumentasjon: Kortfatta oversikt som syner tal på elektrofagarbeidarar, som leverandøren samla disponerer over for handtering av oppdrag på denne rammeavtalen.
Oversikten må og vise ein oversikt over eventuelle serviceteknikarar, prosjektleiarar og lærlingar som ein disponerer over. Sjå Bilag 1 for kva oppgåver service teknikar skal kunne utføre.