Rammeavtalen skal å dekke oppdragsgjevar sitt behov for elektrikartenester, samt materiell som er naudsynt og heng saman med utføringa av tenesten, knytt til drift og vedlikehald av oppdragsgjevars bygningsmasse. Anskaffinga gjeld både nyinstallasjonar, reparasjonar og vedlikehald, samt nye anlegg/prosjekt. Rammeavtalen omfattar også kjøp av tilleggstenester som er nødvendig for å utføre elektrikartenester, så som leige av stillas, og liknande.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar av 17. juni 2016 nr. 73 (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar av 12. august 2016 nr 974 (FOA) del I og III.
Kontraktstildeling vil bli føreteke etter prosedyren open anbodskonkurranse jf. FOA § 13-1 (1). Alle interesserte leverandørar har høve til å levere tilbod.
Oppdragsgjevar planlegg å tildele kontrakt, utan annan dialog enn eventuelle mindre avklaringar/korrigeringar, med leverandørane. På denne bakgrunn oppfordrast leverandørane til å levere sitt beste tilbod ved innleveringsfristen.
Oppdragsgjevar forbeheld seg likevel retten til å gjennomføre forhandlingar med leverandørane dersom dette vert vurdert føremålstenleg.