Tildelingskriterium 1Pris
Pris Evalueringsprisen består av summen av følgande prisposter, multiplisert med årleg estimert uttak for kvar post (linje):
• Nettopris (kostpris) per vare for eit representativt utval produkt
• Timeprisar, ulike kategoriar
• Tilbydd oppmøtepris på Voss
Sjå Bilag 4 Prisskjema for oversikt over varer og tenester som vi ber dykk prise.
Dokumentasjon: Ferdig utfylt Bilag 4 Prisskjema
Tildelingskriterium 2Klima og miljø
Det vert under dette kriteriet gjort ein skjønnsmessig vurdering av rutinar og tiltak som bidreg til å redusere miljøbelastninga ved gjennomføring av kontrakten. • Planlegging av logistikk, slik at ein reduserer tal på køyrekilometer, t.d. ved synfaring, under utføring av oppdrag og ved handsaming av byggavfall
• Rutinar for handsaming av avfall og sortering
• Rutinar og tiltak som kan hjelpe oppdragsgjevar til å gjere produktval og velje løysingar som reduserer miljøbelastinga, og stimulere til gjenbruk, der det er relevant.*
• Eventuelle andre relevante klima- og miljøtiltak vil også bli vurdert
Tiltak og rutinar må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante døme.
Dokumentasjon: Leverandøren si eiga skildring, på inntil 2 A4-sider, skrift minimum 10, normale margar
Dersom skildringa er på meir enn 2 sider, vil berre dei to fyrste sidene bli vurdert. Eventuelle lenker og vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Tildelingskriterium 3Kvalitet og ressursbruk
Det vil under dette kriteriet bli evaluert på korleis leverandøren vil organisere tilgjengelege ressursar, på ein måte som fører til at det vert levert høg kvalitet på tenestene, samstundes som ein nyttar få timar, på ulike avrop som er aktuelle på denne avtalen. Ulike avrop er alt frå enkle oppdrag, der ein person kan gjere jobben på kort tid, eller større og meir langvarige oppdrag der det krevst fleire ressursar.
Med aktuelle ressursar er det meint fagarbeidarar, ufaglærte, lærlingar osb.
Døme på tiltak som kan få utteljing er mellom anna planlegging og organisering av arbeidet, høg bruk av fagarbeidarar med lang erfaring, og/eller bruk av faste ressursar, bruk av riktig kompetanse, hensiktsmessig bruk av lærlingar, t.d. når det er noko nytt å lære, og/ eller når det krevst to ressursar. (Det er ikkje ei føremon for oppdragsgjevar dersom leverandør planlegg å nytte lærlingar på alle oppdrag, då dette vert svært kostbart, utan at kvaliteten på arbeidet vert betre.)
Tiltak og rutinar må være konkrete og forpliktande for å få utteljing. Ein kan gjerne nytte relevante og praktiske døme.
Dokumentasjon: Leverandøren si eiga skildring, på inntil 1 A4-side, skrift minimum 10, normale margar.
Dersom skildringa er på meir enn 1 side, vil berre den fyrste sida bli vurdert. Eventuelle lenker og vedlegg vil ikkje bli vurdert.