Kontor- og utskriftsløsninger
IKT Nordfjord vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein leverandør for kjøp og leige av Multifunksjonsprintarar til kommunane i IKT Nordfjord sitt virkeområde. Her i også service, vedlikehald og tonerskifte mv. Deltakande kommunar i denne anskaffinga er: Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn kommunar Med multifunksjonsmaskiner meinast her maskiner med funksjonalitet for print, kopi, skanning, og e-post, i kategoriar som framkjem i kravspesifikasjon vedlegg 1. Omfanget av avtalen er uklart, og det påligg ikkje IKT Nordfjord eller kommunane som deltek nokon kjøpsplikt i volum etter denne anskaffinga. Varighet på avtalen er 3 år med mogeleg lenging i ytterlegare 1+1år. Det er ynskjeleg med netthandelsløysing gjennom E-handel, slik at tilbodne varer kan gjerast tilgjengelig gjennom E-handel (EHF) via punchout.