Kvam herad ønskjer å inngå rammeavtaler for innkjøp av tekniske handverkstenester. Eit av føremåla med å etablere slike rammeavtalar er å sikre effektivitet i innkjøpsprosessane. Det er vidare eit mål at rammeavtalane skal sikre stabilitet og gje føreseielege rammar for Kvam herad og leverandørane.
Denne rammeavtalen omfattar området for tømrar og snikkararbeid. Arbeidet omfattar:Arbeidet omfattar:Reparasjonar og vedlikehald på eksisterande anlegg og bygningsmassar.
Utskifting av komponentar.
Ombyggings- og oppussingsarbeid.
Montering av dør/vindauga og rekkverk, samt øvrige byggeprosjekt mv.
Stor andel med rehabilitering av baderom, slik at oppdragsgjevar vil ha fast pris på arbeid med utbedring av eit gjennomsnittlig baderom.
Rammeavtalane er tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgjevar sine kontinuerlege behov for dei tenester som er omhandla i denne konkurransen. Kvam herad skal ha ei rett, men inga plikt til å nytte rammeavtalane.
Oppdragsgivar legg opp til at det i avtaleområde tømrar og snikkararbeid kan tildelast rammeavtale til minimum 3 leverandørar og maksimum 7 leverandørar, føresett at det i konkurransen kjem eit tilstrekkeleg tal eigna tilbod frå kvalifiserte tilbydarar. Dersom det er mindre enn 3 tilbydarar vil ein likevel vurdere å etablere rammeavtalar med 1 eller 2 leverandørar, der dette er hensiktsmessig.
Rammeavtalen har ein kontraktperioden på 2 år. Forventa startstidspunkt for kontrakten er 01.08.2024. Oppdragsgivar har opsjon på forlenga avtalen på likelydande vilkår med inntil 1 + 1 år. Maksimal avtaleperiode er 4 år.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga følger lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) FOR 2016-08-12-974, del I og del III. Prosedyreform er open anbodskonkurranse, jf. FOA § 13-1 (1). I denne konkurransen er det ikkje anledning til å forhandle. Det inneberer at det ikkje er anledning til å endre tilbodet etter tilbodsfristens utløp. Oppdragsgivar kan gjennomføre avklaringar i henhold til anskaffelsesforskriften § 23-5 dersom dette vert vurdert som hensiktsmessig. Vi gjer merksam på at avklaringsadgangen er en rett og ikkje en plikt for oppdragsgiver.
Miljø:Oppdragsgjevar kan erstatta klima og miljøomsyn i tildelingskriteria med klima og miljøkrav i kravspesifikasjonen, dersom der er klart at dette gjev betre klima og miljøeffekt, jf. FOA §7-9 fjerde ledd fyrste punktum.
Etter ei konkret vurdering har Kvam herad kome fram til at ein i dei overordna rammeavtalane for tekniske handverkartenester vil kunne sikra ein klart betre klima- og miljøeffekt ved å stilla krav, enn ved å nytta miljø som tildelingskriterium.
Då rammeavtalen omfattar fleire mindre små oppdrag har byggherre sett søkelys på å finna klima- og miljøkrav som set fokus på miljøvennlege køyretøy, miljømerka/svanemerka produkt, samt gjennomføring som minskar transportavstandar og sikrar gjenbruk.
Oppdragsgjevar vil be om dokumentasjon på at krav over vert oppfylt og vil føra kontroll med at krav vert oppfylt i kontraktsperioden.
Ved gjennomføring av minikonkurransar for oppdrag gjennom rammeavtalane vil miljø som utgangspunkt verta nytta som tildelingskriterium, med vekt på 30 %.