Oppdragsgjevar for denne anskaffelsen er Sykkylven kommune, kommunalområde Samfunn. Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7.600 innbyggjarar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Kommunalområde Samfunn inneheld blant anna desse områda: brannvern, landbruk, miljø, oppmåling, byggesakshandsaming, planavdeling, kommunale bygg, drift av kommunale vegar og grøntområde og kultur. Vatn og avløp er pr dd. drifta av Sykkylven Energi. Renovasjon er drifta av Attvin. For meir informasjon om oppdragsgjevar, sjå www.sykkylven.kommune.noHovedtrekkene i prosedyrenGjennom denne avtalen ynskjer Sykkylven kommune å få enkel og god tilgang til handverkartenester innan området snekkar/tømrar, og få løyst oppgåver i høve dette, med god kvalitet og til riktig pris. Rammeavtalen skal omfatt kjøp av alle vanlege handverkartenester innan dette faget til mindre nybygg, utbetring og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse av kommunale bygg. Oppdragsgjevar antek at omfanget for tenester i det enkelte fag vil kunne ligge mellom kr. 200.000,- og 1.000.000,- årleg. Omfanget vil kunne variere, og oppdragsgjevar påteke seg ikkje nokon kjøpsforplikting i høve volum etter denne avtalen. TenestebeskrivingTenesta omfattar snekkar og tømrararbeid som mindre renovering, modernisering, utbetringar etter internkontrollar etc. Alt arbeid skal kontrollerast og godkjennast av fagfolk hjå tilbyder. I den grad det vert nytta ufaglærte/lærlingar skal leverandør vise særleg aktsemd med tanke på å godkjenne leveringa.Oppdraga inkluderer blant anna:Generelle snekkar og tømraroppdrag.Mindre nybygg, ombygging og modernisering, flytting av veggar, innvendig og utvendig kledning mv.Rammeavtalen gjeld utføring. Materiell skal hentast/kjøpast på oppdragsgjevars oppgjevne butikkar, og rekning for dette skal sendast direkte til oppdragsgjevar.I dei tilfelle oppdragsgjevar har behov for dokumentasjon på utførte arbeid, skal desse produserast i samsvar med gjeldande regler for faget.Før oppdrag vert sett i gong skal kostnadsoverslag basert på avtalte einingsprisar ligge føre, samt opplysningar om når oppdraget skal starte og vere venta å vere ferdig. Dersom leverandøren forstår eller har grunn til å tru at levering vil bli forsinka, skal oppdragsgjevar få melding om dette utan ugrunna opphald, med opplysningar om årsaka samt ny leveringsdato.Ved utført oppdrag/ferdigstilling skal søppel og anna avfall være fjerna «rent bygg». Generelt skal arbeidsplassen være rydda og sikra før arbeidstid slutt kvar dag.Det vert vidare vist til vedlagte kontraktsvilkår som skal nyttast for samarbeidet. Vi gjer spesielt merksam på:Med mindre anna er skriftleg avtala skal Tenesteytar berre føre timar frå det tidspunktet han har kome fram og starta oppdraget på det avtala arbeidsobjektet og fram til det tidspunktet han reiser frå arbeidsobjektet. Annan tid, for eksempel henting av varer ell. må spesifiserast særskilt. Køyring til og frå leverandørens forretningsadresse vert ikkje godtgjort med mindre dette er avtala særskilt.