Kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje har i fellesskap etablert ei førstelineteneste for folk som vil etablere næringsverksemd i regionen i tillegg til ein delfellesoppgåver. Tenesta har namnet «Start Opp». Føremålet med tenesta er å bidra til utvikling av næringslivet i regionen med vekt på etablering av bedrifter med potensiale for lønsemd og utvikling, samtidig som etablerarar får hjelp til realistisk avklaring av sin forretningsidé. I samarbeidstiltaket ligg fylgjande hovudoppgåver: a. Individuell rettleiing/enkel rådgjeving og marknadsføring av denne tenesta b. Kontakt med næringssjefane i dei seks kommunane og med Vest-Telemarkrådet c. Kontakt med Vestfold og Telemark fylkeskommune og andre partar under StartOpp-paraplyen, og gjennomføre fellesaktiviteter etter nærare avtale. Vest-Telemarkrådet har ansvaret for denne tenesta. Det skal nå gjerast avtale med leverandør av desse tenestene for ein ny periode med start 01.01.21.