Føremålet med anskaffinga er å utvida kapasitet for eksisterande skulebygg i Øystese sentrum for totalt 280 elevar og 40 tilsette. Det eksisterande bygget som skal takast vare på skal vera ein integrert del av prosjektet, både funksjonelt og estetisk, og inkluderast i berekning av brutto/nettofaktor. Nye, komplette tekniske anlegg skal vera del av tilbodet. Øystese skule er ein 2-parallell 1–7-skule og målet er å byggja ein framtidsretta og god skule som også skal vera eit samlingspunkt i Øystese sentrum, i tråd med gjeldande lovverk og krav om universell utforming. Samla nettoareal for prosjektet er ca. 3 000 m² og den vedtekne budsjettramma for totalentreprisen er om lag 100 MNOK eks. mva.
Intensjonen med konkurransen er å inngå kontrakt om kjøp av bygningsmessige oppgraderingar av eldre skulebygg og oppføring av modulbygg som erstatning for eksisterande bygg som skal rivast.Hovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga følgjer lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) FOR 2016-08-12-974, del I og del III. Prosedyreform er konkurranse med forhandling med forutgåande kunngjering, jf. vilkåra i FOA § 13-1 (2) og FOA § 13-2, punkt c.: «anskaffelsens karakter, kompleksitet, rettslige eller finansielle sammensetning eller tilknyttede risiko gjør det nødvendig å forhandle». Denne konkurransen vert innleia med ein kvalifiseringsfase og kun dei tilbydarane som oppfyller kvalifikasjonskrava, og som vert invitert, vil få høve til å levera tilbod i tilbodsfasen.