Brief

Språkrådet ønskjer å gjennomføre ei undersøking av språk og språkleg kvalitet i mykjebrukte læremiddel og digitale ressursar og verktøy i skulen.Føremålet med undersøkinga er å skaffe kunnskap om og innsikt i det skriftspråklegelandskapet rundt elevane i skulen. Språkrådet ønskjer at den valde leverandøren skalvurdere korleis språket og den språklege kvaliteten i læremiddel og digitale ressursar ogverktøy kan verke inn på elevane si lese- og skriveutvikling i bokmål og nynorsk.Undersøkinga er ein del av Språkrådets arbeid med å kartleggje språksituasjonen i Noregog følgje opp arbeidet med tilgangen barn og unge har til norsk språk, og til bokmål ognynorsk i opplæringa. Målet er at resultata frå undersøkinga skal styrkjekunnskapsgrunnlaget for det språkpolitiske arbeidet vårt.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Språkrådet ønskjer å gjennomføre ei undersøking av språk og språkleg kvalitet i mykjebrukte læremiddel og digitale ressursar og verktøy i skulen. Føremålet med undersøkinga er å skaffe kunnskap om og innsikt i det skriftspråklegelandskapet rundt elevane i skulen. Språkrådet ønskjer at den valde leverandøren skalvurdere korleis språket og den språklege kvaliteten i læremiddel og digitale ressursar ogverktøy kan verke inn på elevane si lese- og skriveutvikling i bokmål og nynorsk. Undersøkinga er ein del av Språkrådets arbeid med å kartleggje språksituasjonen i Noregog følgje opp arbeidet med tilgangen barn og unge har til norsk språk, og til bokmål ognynorsk i opplæringa. Målet er at resultata frå undersøkinga skal styrkjekunnskapsgrunnlaget for det språkpolitiske arbeidet vårt.Hovedtrekkene i prosedyrenHer følgjer ei oversikt over det Språkrådet ønskjer at arbeidet med undersøkinga skal omfatte. Språkrådet er opne for å snevre inn omfanget eller justere problemstillingane dersom vi i samråd med den valde leverandøren kjem fram til at det er nødvendig for at det skal vere mogleg å gjennomføre oppdraget innanfor dei økonomiske rammene og tidsramma i prosjektet. Språkrådet og leverandøren vert einige om endeleg val av trinn, fag og eventuell geografisk inndeling av undersøkinga. Språkrådet ønskjer at undersøkinga skal svare på spørsmåla som følgjer under. Spørsmåla skal lesast i lys av føremålet med undersøkinga, nemleg korleis leverandøren vurderer at skriftspråket og den språklege kvaliteten i læremiddel og digitale ressursar og verktøy kan verke inn på elevane si lese- og skriveutvikling i bokmål og nynorsk. 1. Kva skriftspråk og språkleg kvalitet er det elevane møter i mykje brukte læremiddel og digitale læringsressursar og verktøy? Krava om rettskriving og parallelle utgåver på bokmål og nynorsk i opplæringslova §§ 15-3 og 15-4 gjeld berre for læremiddel, ordlister og skriveprogram. Krava gjeld ikkje for andre ressursar eller verktøy, med mindre dei er omfatta av språklova § 14 tredje ledd. Språkrådet ønskjer at undersøkinga skal gje eit bilete av det språklege landskapet som elevane møter i klasserommet og i læremidla, ressursane og verktøya som dei bruker mykje, uavhengig av kva midla, ressursane eller verktøya kan kallast eller kategoriserast som. Dette inneber at leverandøren først må gjere ei kartlegging av kva som er mykje brukt, før leverandøren undersøkjer skriftspråk og språkleg kvalitet i eit relevant utval av det som er mykje brukt. Kva som er å rekne som «mykje» og «lite» i bruk, vil henge saman med kva undersøkinga finn ut om bruken. Språkrådet fekk gjennomført ei undersøking av språkleg kvalitet i læremiddel i 2013. Sjå Språkrådets skrifter nr. 3 frå 2013: «Språklig kvalitet i læremidler. Rapport utarbeidet av Høgskolen i Vestfold på oppdrag fra Språkrådet». Rapporten bygde på ei undersøking av språkleg og tekstleg framstillingsform i lærebøker i faga samfunnsfag og naturfag på 4. og 8. steget i grunnskulen og på 1. steget i vidaregåande opplæring. Språkrådet ønskjer at delar av denne undersøkinga skal vere komparativ med delar av undersøkinga frå 2013. Med «skriftspråk» meiner vi både norsk og andre språk elevane møter i skulen. Innanfor norsk meiner vi bokmål og nynorsk, inkludert normval innanfor desse to skriftspråka. Når det gjeld «språkleg kvalitet», skal leverandøren undersøkje språket i dei mykje brukte læremidla, ressursane og verktøya, og undersøkje kva i det tekstlege som kan verke inn på lese- og skriveopplæringa og korleis. Sjå til dømes kvalitetskategoriane frå 2013-rapporten. 2a. Kva avgjer val av skriftspråk i mykje brukte læremiddel, ressursar og verktøy?2b. Kva vurderingar er gjort med omsyn til språkleg kvalitet i samband med vala? Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk etter læreplan i norsk, samtidig som lesing og skriving er grunnleggjande dugleikar i alle fag i heile opplæringsløpet. Foreldra til elevane på 1. til 7. trinn vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn og i vidaregåande skule vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Dette er regulert i opplæringslova §§ 3-1 og 6-1. Lærarar, skular og kommunar og fylkeskommunar tek val om bruk og innkjøp av læremiddel og digitale ressursar og verktøy. I proposisjonen til ny opplæringslov understreka departementet at «samansetninga av læremiddel og ressursar som blir brukte, i sum skal støtte opp under skriftspråket til eleven. Kva som blir omfatta av parallellitetskravet, skal sjåast i samanheng med retten elevane har til å velje om læremidla deira skal vere på bokmål eller nynorsk. Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sjå til at elevane i størst mogleg grad møter læremiddel på sitt eige skriftspråk», jf. Prop. 57 L (2022-2023), side 143. Språkrådet ønskjer at undersøkinga skal gje kunnskap om kva vurderingar lærarane og innkjøpsansvarlege har gjort av skriftspråk og språkleg kvalitet i dei læremidla, ressursane og verktøya som leverandøren kategoriserer som mykje brukte under spørsmål 1.

    Kontakt navn
    Jonatan Even Hegbom
    Kontakt telefon
    +47 22541950
    Adresse
    Observatoriegata 1B, 0254 OSLO

Tildelingskriterier

    Beskrivelse

    Under dette kriteriet vurderer vi 1. korleis leverandøren forstår oppdraget 2. korleis leverandøren føreslår å løyse oppdraget (prosjektskildring og realistisk tidsplan) 3. kvalifikasjonane og erfaringa til personane som skal gjennomføre oppdraget 4. den faglege kompetansen til leverandøren 5. erfaring frå samanliknbare oppdrag

    Se tildelingskriteriet i Doffin

    Beskrivelse

    Totalpris for oppdraget

    Se tildelingskriteriet i Doffin

Se hele utlysningen

Innkjøper
Tittel
Undersøking av språket elevane møter i skulen
Lokasjon
Estimert verdi
700 000,00 kr
Varighet
13 måneder
Tildelingskriterium 1
Kvalitet og fagleg relevans
Under dette kriteriet vurderer vi 1. korleis leverandøren forstår oppdraget 2. korleis leverandøren føreslår å løyse oppdraget (prosjektskildring og realistisk tidsplan) 3. kvalifikasjonane og erfaringa til personane som skal gjennomføre oppdraget 4. den faglege kompetansen til leverandøren 5. erfaring frå samanliknbare oppdrag
Tildelingskriterium 2
Totalpris
Totalpris for oppdraget
Kvalifikasjonskrav 1

Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne oppfylle kontrakten. Kravet om økonomisk og finansiell kapasitet er oppfylt dersom leverandøren har tilfredsstillande kredittverdigheit.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner