Vindafjord Kommune skal anskaffa kjøp av tenester for å ivareta vedlikehald/drift av kommunale vegar, fortau og plasser iht vedlagte kart. I dette inngår kosting/oppsamling av grus/strøsand. Vegar og plasser skal reingjerast frå/mellom 1 april, og seinast før 10.mai.Hovedtrekkene i prosedyrenReinhald skal skje på heile den asfalterte vegbreidda, inkl der gras og liknande har vakse ut i asfaltert vegbane. Det same gjeld fortau og plassar som vist på kart. Dumpar ved sluk og liknande må spesielt ta omsyn til, slik at det ikkje blir liggande grus/strøsand i fordjuping. For å unngå for mykje støv, må kosteutstyret kunne sprøyte vatn eller ha andre støvdempande tiltak. Det er ei forutsetning at leverandøren gjer seg kjent med rodene iht. vedlagte kart før innlevering av tilbod.
Leverandøren må ha en representant som beherskar norsk språk.
Me ynskjer ein fastpris på kosting for heile oppdraget i henhold til prisskjema.
Fastprisen skal dekka alle kostnader som lønn, reisekostnader og administrasjon, som til dømes kilometergodtgjersle, utstyr, møter med oppdragsgjevar osv.
Grusen/strøsanden skal samlast opp og oppsamla massar skal leverast på godkjent deponi.
Grus/strøsand som ikkje inneheld forureining kan leverast eige deponi eller på deponi som er avtalt med kommunen.
Det skal leverast ein pris pr tonn innlevert grus.
Grus/strøsand skal fakturerast etter innlevert masser.
I prisskjema kan leverandør legge inn pris for levert ikkje-forureina masse til enten godkjent deponi D, eller på eige/kontraktøren sitt deponi E. For å legge inn pris i E/eige deponi skal leverandøren legge ved ein beskriving av eige egna deponi.
Faktura skal delast på veg og bygg når den sendes til Vindafjord kommune.
Kontraktøren skal halde oppdragsgjevar informer om framdrift vekentleg, eventuelt via digital køyrebok. Eksempelvis MLOGG.