I Fitjadalsvegen i Øystese skal ein langs eksisterande kommunal veg etablera utvida veg og fortau på eit vegstrekk på ca. 500m. Kvam herad innbyr interesserte føretak til å gje tilbod på veg, VA og kabel -arbeid som skal gjennomførast langs eksisterande vegstrekk i Fitjadalsvegen. Prosjektet vert gjennomført som hovedentreprise etter NS 8406.
Det vil ikkje vera mogleg å gje tilbod på berre deler av oppdraget.Hovedtrekkene i prosedyrenI Fitjadalsvegen i Øystese skal ein langs eksisterande kommunal veg etablera utvida veg og fortau på eit vegstrekk på ca. 500m. Det er dei seinare åra etablert eit nytt bustadfelt langs denne vegen. Det er no mange born og beburarar som har fått behov for ein trygg gangveg til sentrum. Tiltaket er eit viktig trafikksikringstiltak. På delstrekk frå anleggstart pr. 0 til ca. pr. 240m vart det i 2018 utført arbeid med VA sanering, kabelanlegg og tilrettelegging for utvida veg og fortau. På dette delstrekk inngår arbeid med vegutviding, natursteinsmuring, betongkant, etablering av fortau og nye asfaltdekke.
På øvre delstrekk frå pr. 240 til ca. pr 520:Det skal utførast arbeid med vegutviding, masseflytting, sprengingsarbeid, natursteinsmuring, vegoverbygning, asfaltdekke og fortau.
Det skal også opparbeidast nye anlegg for vatn, spillvatn og overvatn. Anlegga skal knytast til eksisterande anlegg, både kommunale hovudleidningar og private stikkleidningar. Det skal opparbeidast nytt veglys og kabelgrøft på dette strekket. Eksisterande va anlegg skal være i drift under utføringa. Det inngår arbeid med midlertidig forsyning-leidningar for vatn og avløp. Heft og plunder med midlertidige omleggingar skal inngå i einingsprisar.
På heile vegstrekk skal det utførast mindre arbeid med levering og montering av skilt.
Arbeid vert utført på kommunal veg. Risikovurderingar, utarbeiding av varslingsplan med tiltak inngår i oppdraget.
Koordinering av dei ulike faga stiller ekstra krav til gode planar for gjennomføring og tydeleg informasjon til trafikantar, bebuarar i området og andre som er omfatta i forkant av utføringa.
Det skal vera lagt til rette for at utrykkingskøyretøy kan koma fram på kort varsel.