Føremålet med anskaffinga er å dekke behovet for strø- og brøytetenester på kommunale veger og plassar i Voss herad, i dei periodane som vert definert som brøytesesongen, og ut over dei tenestene som driftsavdelinga i Voss herad utfører sjølve. Voss herad utfører noko vintervedlikehald i eigen regi. Driftsavdelinga brøyter og strør nokre roder og plassar sjølve, og desse areala er dermed ikkje omfatta av denne anskaffinga. Andre oppgåver som ikkje er omfatta er mellom anna utsetjing av brøytestikk, kosting av sand etter sesong, osb.
Oppstart på sesongen er ulike for strøing og for brøyting, og sesongen byrjar tidlegare på roder som heilt eller delvis ligg over 200 moh.
Sjå oversikt over sesongen i Bilag 1A Strø- og brøyteinstruks.
Dei kommunale vegane og plassane i Voss herad er delt inn er delt inn i 39 roder. Voss herad har sjølv ansvar for tre av rodene, og 35 av rodene er kunngjort i eigen konkurranse, sak nr 24/7213.
Denne konkurransen omfattar dermed berre ein rode, rode 39 Hodnaberg. Sjå Bilag 1B Rodeoversikt, og lenke: Brøyteroder - Voss herad (kommunekart.com) Tenestene omfattar i hovudsak beredskap, brøyting og strøing av tildelt rode, og eventuelt snørydding.
Andre tenester som naturleg høyrer inn under avtaleområdet kan også bli omfatta av rammeavtalen, i mindre omfang.
Oppstartsdato er snarleg etter tildeling.
For meir informasjon om kva anskaffinga inneber syner vi til Bilag 1 Kravspesifikasjon, Bilag 1A Strø- og brøyteinstruks for Voss herad 2024 - 2028, og Bilag 1B Rodeoversikt.Hovedtrekkene i prosedyrenKonkurransen vert gjennomført som ein open anbodskonkurranse, jf. FOA § 13-1 (1). Denne prosedyren gjev alle interesserte tilbydarar høve til å levere tilbod. Det er ikkje høve til å forhandle. Det er dermed ikkje høve til å endre på tilboda etter at frist for å levere tilbod har gått ut.