Operatør skal drifte de fire båtrutene i henhold til kontrakt. Det skal være èn reservebåt tilgjengelig. Driftsperioden er fra 01.01.2028 til 31.12.2042.
Kontrakten er en bruttokontrakt. Operatør beholder inntekter fra godsfrakt. Nærmere krav til utførelse av oppdraget, krav til fartøy, ruteproduksjon, energi og utslipp, kai og infrastruktur, godtgjørelse og oppstartsforberedelser se konkurransegrunnlaget.Hovedtrekkene i prosedyrenKonkurransen gjennomførast som ein konkurranse med forhandling. Oppdragsgjevar tek atterhald om retten til likevel å tildele kontrakten utan å gjennomføre forhandlingar dersom Oppdragsgjevar finn at behovet for å forhandle etter evaluering av tilboda ikkje er til stades. Dersom det er behov og grunnlag for forhandlingar, vil Oppdragsgjevar komme tilbake til tal forhandlingsrundar det leggjast opp til under forhandlingane.
Før første forhandlingsrunde kan den einskilde tilbydar, innanfor dei grenser som følgjer av regelverket, bli bedt om tilleggsopplysningar dersom dette vurderast å vere nødvendig. Oppdragsgjevars eventuelle behov for tilleggsopplysningar og/eller avklaringar vil bli meddelt skriftleg pr. e-post.
Oppdragsgjevar kan forhandle om alle sider ved tilboda, herunder forretningsmessige vilkår, pris og tekniske spesifikasjonar. Dersom forhandlingane fører til endring av tilbodet, skal endringane dokumenterast skriftleg i eit revidert tilbod frå tilbydar. Forhandlingane skal skje i samsvar med dei grunnleggjande krava i anskaffingsregelverket, det vil sei likebehandling, forutsigbarhet, etterprøvbarhet og forholdsmessighet.
Gjennom forhandlingane må tilbydarane vere førebudd på at Oppdragsgjevar reduserer tall tilbod det forhandlast om i forhandlingane. Ein reduksjon av tal tilbod vil skje på bakgrunn av vurderingar knytt til tildelingskriteriet.
Om prisforhandlingar vil Oppdragsgjevar presisere følgjande: Tilbydar vil få tilbakemelding på tilboden pris i form av intervall. Storleiken på intervalla vil Oppdragsgjevar opplyse om i forhandlingsmøte. Desse kan variere gjennom forhandlingane.
Tilbydarane vil deretter få mogelegheit til å forbetre sin pris, for deretter å levere sitt «beste tilbod». Det vil skje ved levering av eit revidert tilbod.