Cobrief Logo

Avlyst

Konkurransen er avlyst.

Brief

Fergetransport

Vestland Fylkeskommune Skyss har avlyst konkurransen for drift av båtrutene mellom Bergen, Nordfjord, Sogn og Flåm til en verdi av 1 834 000 000 NOK. Anbudets vekting var Kostnad: 100%.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Resultat

Begrunnelse for avlysning
Besluttning av oppdragsgiveren på grunn av manglende finansiering
Antall mottatte tilbud
4
Kontraktsverdi
Ikke oppgitt

Om anbudet

    Føremålet med anskaffinga er å få på plass operatør for drift av hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord, Sogn/Flåm, omtalt som «Rutepakke 1». For meir informasjon om krav til gjennomføring av Kontrakten, sjå kontraktsdokumentet for krav til drifta i kap. 2, krav til fartøya i kap. 3, krav til ruteproduksjon i kap. 4 og klimakrav i kap. 5. Alle rutene skal inngå i ein driftskontrakt. Det betyr at Oppdragsgjevar vil inngå ein kontrakt med ein operatør for heile kontrakten. Kontrakten vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 2. november 2042, jf. Kontraktens punkt 1.1.5. Driftsoppstart av rutene skal vere seinast 01.11.2027. Kontrakten vil vere ein nettokontrakt, der vinnande operatør har inntektsansvaret, herunder blant anna ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og kundeinformasjon. For meir informasjon om ansvarsfordeling, sjå Kontraktens punkt 1.2.2. Oppdragsgjevar estimerer årleg kontraktskostnad for Oppdragsgjevar til om lag 76,5-121 MNOK fråtrukken støtte og eksklusiv klimabonus. I tillegg estimerar Oppdragsgjevar eingongskostnader knytt til nettoppgradering estimert til 11,5-16 MNOK etter fråtrekk av støtte. Desse estimata omfatter ikkje kontraktens endringsrettar, til dømes oppdragsgjevars rett til å auke ruteproduksjonen, adgang til å krevje innsetting av større og/eller ekstra fartøy, samt øvrige endringsrettar. Estimata er oppgjeve i tredje kvartal 2021-kroner.Hovedtrekkene i prosedyrenDenne anskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlige anskaffelser av 17. juli 2016 nr. 73 (anskaffingslova) og forskrift om offentlige anskaffelser av 12. august 2016 nr. 974 (anskaffingsforskrifta). Anskaffinga vert gjennomført som ein konkurranse med forhandling etter forutgåande kunngjering. Oppdragsgjevar atterheld seg retten til likevel å tildele kontrakten utan å gjennomføre forhandlingar dersom Oppdragsgjevar finn at behovet for å forhandle etter evaluering av tilboda ikkje er til stades. Prosedyren gjev alle interesserte leverandørar moglegheit til å levere førespurnad om å delta i konkurransen. Berre dei leverandørane som oppfyller kvalifikasjonskrava og blir invitert av Oppdragsgjevar, kan gje tilbod. Oppdragsgjevar kan velje å gjennomføre forhandlingar i fleire fasar der ein reduserer tal tilbod mellom kvar av fasane. Første reduksjon kan skje i forkant av forhandlingene. Slik reduksjon vil eventuelt skje på grunnlag av tildelingskriteria, jf. anskaffingsforskrifta § 23-11. Eventuelle forhandlingar vil bli gjennomført i samsvar med reglane i Anskaffelsesforskrifta §§ § 23-7 og § 23-10. Oppdragsgjevar kan velje å gjennomføre forhandlingar i fleire fasar der ein reduserar talet på tilbod mellom kvar av fasane. Slik reduksjon vil eventuelt skje på grunnlag av tildelingskriteriene, jf. anskaffelsesforskriften § 23-11. Tilbydare vil etter forhandlingane få moglegheit til å forbetre tilboden evalueringspris ved levering av eit revidert tilbod. Etter at forhandlingane er avslutta vil oppdragsgjevar legge tilbod med eventuelle endringar frå forhandlingsfasen til grunn for si vurdering og val av tilbydar.

    Kontakt navn
    Åshild Fossgard Sandøy
    Kontakt telefon
    +47 05557
    Adresse
    Lars Hilles gate 22, 5008 BERGEN

Kvalifikasjonskrav

Se konkurransedokumentene for kvalifikasjonskrav

Tildelingskriterier

Se hele utlysningen

Tittel
Drift av båtrutene mellom Bergen, Nordfjord, Sogn og Flåm
Lokasjon
Estimert verdi
1 834 000 000,00 kr

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner