- Tittel
- Opparbeiding av uteområde ved Velle skule - 2. gongs utlysing
- Tildelingskriterium 1
Klima- og miljøkrav
Følgjande krav til klima og miljø er gjeldande for anskaffinga:
- Fallunderlag for leikeapparat og installasjonar skal vere i naturmateriale. Om leverandøren ikkje presenterer eit konkret produkt, skal det gjerast greie for aktuelle alternativ.
- Innfyll i underlag av kunstgras skal vere i naturmateriale, jf. også kravspesifikasjonen. Om leverandøren ikkje presenterer eit konkret produkt, skal det gjerast greie for aktuelle alternativ.
- Leverandøren skal gjere ei vurdering av om deler av eksisterande kunstgras kan nyttast som underlag i akebakke i staden for å kjøpe nytt
- Overskotsmasse innanfor anleggsområdet skal gjenbrukast framfor å tilføre nye massar så lenge dei oppfyller krav til funksjon og kvalitet. Leverandøren skal gjere ei kort vurdering av behov for tilførte massar.
Oppdragsgjevar vurderer at desse krava gir betre klima- og miljøeffekt enn å gjere ei vekting i tildelingskriteria jf. FOA §7-9.
- Tildelingskriterium 2
Pris
Utfylt prissamanstilling, jf. vedlegg.
Leverandør skal i kostnadsutrekninga fylle ut vedlagt prisskjema, og levere som vedlegg til tilbodet. Alle felt i vedlagte prisskjema skal fyllast ut. Manglande utfylling av prisfelt kan gjere det vanskeleg å vurdere tilbodet, og tilbodet vil då kunne verte avvist.
Alle prisar er i NOK, ekskl. mva., inkludert alle direkte eller indirekte utgifter og avgifter som kan tenkjast å tilkome i samband med leveransen. Ordregebyr og fakturagebyr er å rekne som utgifter. Prisane skal innehalde alle kostnadar for kunde som inngår i denne konkurransen. Kostnadar som leverandør veit vil tilkome, men som ikkje er spesifikt oppgjeve i tilbodet, vil oppfattast som inkludert i dei oppgjevne kostnadane.
Reiser og møte: Alle utgifter i samband med reiser og møte skal vere inkludert i tilboden pris.
- Tildelingskriterium 3
Kapasitet til gjennomføring
Ørsta kommune ønskjer at delområde 1 er ferdigstilt til skulestart, måndag 19.08.2024. Levrandør skal som del av tilbodet levere framdriftsplan som viser kapasitet til prosjektering og gjennomføring.
- Tildelingskriterium 4
Oppgåveforståing/kvalitet
Skildring av korleis tilbydar vil gjennomføre prosjektet, max 2 A4-sider. Skildringa skal innehalde ei vurdering av anleggsgjennomføring nær skule- og idrettsområde.
- Kvalifikasjonskrav 1
Betaling av skatt, mva. og andre offentlige avgifter
Krav:
Leverandør må ha ordna forhold med omsyn til betaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift i samsvar med lovbestemmingar og leverandør skal ikkje ha vesentlege restansar.
Dokumentasjonskrav:
For norske leverandørar:
Leverandør må i tilbodet leggje ved attest for skatt og meirverdiavgift. Attesten skal ikkje vere eldre enn 6 (seks) månadar rekna frå tilbodsfristen.
Eventuelle restansar eller anna mishald må grunngjevast.
For utanlandske leverandørar: Leverandør som ikkje er etablert i Noreg skal levere tilsvarande dokumentasjon utstedt av myndigheitene i det landet leverandøren er etablert. Attest skal helst vere oversett til norsk, men det aksepterast også svensk, dansk og engelsk språk.
- Kvalifikasjonskrav 2
Kredittvurdering
Krav:
Det vert krevd økonomisk kapasitet til å gjennomføre kontrakta. Det vert krevd minimum at leverandør er kredittverdig og har økonomisk kapasitet til å gjennomføre avtalen basert på oppdragsgjevar sitt skjønn i samsvar med vedlagt dokumentasjon frå leverandør.
Nyetablerte selskap: Nyetablerte selskap må ha økonomisk kapasitet til å gjennomføre avtalen.
Dokumentasjonskrav:
Leverandør må i tilbodet leggje ved kredittvurdering og dokumentasjon som gjev rett bilete av den økonomiske situasjonen.
Nyetablerte selskap: Nyetablerte selskap som ikkje har opparbeidd seg grunnlag for kredittvurdering må leggje ved erklæring frå bank eller liknande finansieringsinstitusjonar vedrørande firmaet si finansielle og økonomiske stilling.
Dette gjeld også utanlandske leverandørar.
- Kvalifikasjonskrav 3
Erfaring
Krav:
Det vert krevd at leverandør eller tilsette hos leverandør, har erfaring frå minst 3 tilsvarande oppdrag siste 5 år. Med tilsvarande oppdrag meiner ein leikeplassar, skuleområde, park eller parkanlegg,
Dokumentasjonskrav:
Leverandøren skal levere referanseliste på max 3 A4-sider med 3 tilsvarande oppdrag utført i løpet av dei siste 5 år (det skal ikkje førast opp meir enn 3 oppdrag). For kvart referanseoppdrag skal det opplysast om oppdraget sitt innhald, verdi, tidspunkt for oppdraget, oppdragsgjevar, kontaktperson hos oppdragsgjevar med e-postadresse og telefonnr.