Beskrivelse
Tildelingskriteriet «Klima- og miljøomsyn» vil verte vurdert basert på følgjande element: Oppdragsgivar vil vektlegge om produkt er merka med Svanemerket eller eit tilsvarande miljømerke av type 1 (regulert i standarden ISO14024). Tilsvarande miljømerke er til dømes GOTS, Blå Engel, Bra Miljöval, EU Ecolabel, Milieukeur, Green Product Mark eller NF Environnement. Desse miljømerkene, samt andre tilsvarande miljømerker, vil gje full skår i evalueringa (10 poeng). Andre mindre relevante eller omfattande miljømerker vil gje lågare skår. Økotex Made in Green og tilsvarande miljømerker vil gje 6 poeng, og Fairtrade, Cotton Made in Africa (CMiA), Better Cotton Initiativ (BCI), Økotex 100, økologisk merka produkt, Greenguard og tilsvarande miljømerker vil gje 3 poeng. Ved utrekning av poeng på dette kriteriet vil oppnådd skår på dei einskilde produkta multipliserast med estimert volum som er angitt i kolonne «K» i prisskjema, og summerast. Klima- og miljøomsyn vil evaluerast for Bilag 3 vedlegg 1 punkt 1, 2 og 4.
Evalueringsmetode
Leverandøren skal fylla ut miljømerking i kolonne «N» i bilag 3 vedlegg 1 - Prisskjema punkt 1, 2 og 4 dersom produktet er miljømerka. Namn på miljømerke skal verta angitt, og det må anten verta angitt gyldig lisensnummer eller leggjast med gyldig sertifikat/lisensbevis. Dersom det vert angitt lisensnummer, må det vere mogleg å søke på lisensnummer på miljømekrets nettside for å sjekke at det er gyldig. Miljømerker der det er tilstrekkeleg å angi gyldig lisensnummer er:
- Svanemerket
- EU Ecolabel
- Bra Miljöval
- GOTS
- Økotex 100
- Økotex Made in Green
For Blå Engel må det leggast med sertifikat/lisensbevis, fordi det ikkje er mogleg å søkje på lisensnummer på Blå Engel si nettside. For andre miljømerker må leverandøren undersøke før innlevering av tilbod om det er mogleg å sjekke eventuelt lisensnummer på miljømerket si nettside. Om det ikkje er mogleg, må det leggjast ved dokumentasjon. Leverandørar som tilbyr produkt med anna miljømerker enn dei som er spesifisert i tildelingskriteriet, har det juridiske ansvaret for å dokumentere at deira miljømerke kan sjåast som tilsvarande dei miljømerkene som er spesifisert i tildelingskriteriet.