Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale med ein leverandør på levering av ny båt til Kinn Brann og redning.
Kinn brann og redning har behov for brann- og redningsbåt. Båten skal kunne ta inn ATV, tillhengar og større handverktøy. Båten vil bli nytta til både brann og redningHovedtrekkene i prosedyrenAnskaffinga blir gjennomført i samsvar med lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) FOR 2016-08-12-974. del I og del III. Kontraktstildeling vil bli gjort etter prosedyren konkurranse med forhandling etter kunngjering på førehand, jf. FOA § 13-1(2).
Denne konkurransen blir innleia med ein kvalifiseringsfase. Alle tilbydarar som oppfyllar kvalifikasjonskrava vil verte invitere og vil få høve til å levere tilbod.
Alle inviterte tilbydarar vil få tilboda sine evaluert. Tilbydarane med dei tre beste tilboda etter innleiande evaluering vil bli invitert til forhandlingar. Etter forhandlingane og reidert tilbod, vil enedleg evaluering av dei tre tilboda bli gjort og kontrakt tildelt. Det blir gjort merksam på at tilbod som inneheld vesentlege avvik frå anskaffingsdokumenta, skal avvisast etter forskrift om offentlige anskaffelser § 24-8(1) b. Oppdragsgivar kan avvise tilbod som inneheld avvik frå anskaffingsdokumenta, uklare punkt eller liknande som ikkje må reknast som uvesentlege, jf. § 24-8(2) a i forskrifta.