Føremålet med anskaffinga er å få på plass operatør for drift av ferjesambanda Måløy-Husevågøy-Oldeide, Isane-Stårheim, Askvoll-Fure-Værlandet,
Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna, Hisarøy- Mjånes og Breistein-Valestrand.
For meir informasjon om krav til gjennomføring av kontrakten, sjå Kontraktsdokumentet for krav til leveransen i kap. 2, krav til fartøya i kap. 3, krav til ruteproduksjonen i kap. 4 og klimakrav i kap. 5.
Anskaffinga er delt opp i tre delkontrakter:
- Delkontrakt 1: drift av sambanda Måløy-Husevågøy-Oldeide, Isane-Stårheim, Askvoll-Fure-Værlandet, Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna. Kontrakten inneheld opsjon om drift av sambandet Askvoll-Gjervik.
- Delkontrakt 2: drift av sambandet Hisarøy-Mjånes
- Delkontrakt 3: drift av sambandet Breistein-Valestrand
Oppdragsgjevar vil altså inngå tre kontrakter. Tilbydar kan levere inn tilbod på ein eller fleire av kontraktane. Det vil ikkje vere mogeleg å levere inn eit felles tilbod for dei tre kontraktane.
Delkontrakt 1 og 3 vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 30.11.2042, medan delkontrakt 2 vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 29.11.2037, jf Kontraktens punkt 1.1.5. Driftsoppstart skal vere 29.11.2027. Sjå Kontrakten punkt 1.1.5.
Kontraktane vil vere bruttokontrakter, der oppdragsgjevar har marknadsførings- og inntektsansvaret, medan operatør gjennomfører ruteproduksjonen mot avtalt betaling frå oppdragsgjevar.Hovedtrekkene i prosedyrenDenne anskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlige anskaffelser av 17. juli 2016 nr. 73 (anskaffingslova) og forskrift om offentlige anskaffelser av 12. august 2016 nr. 974 (anskaffingsforskrifta).
Anskaffinga vert gjennomført som ein konkurranse med forhandling etter forutgåande kunngjering. Oppdragsgjevar atterheld seg i denne konkurransen retten til likevel å tildele kontrakten utan å gjennomføre forhandlingar dersom oppdragsgjevar finn at behovet for å forhandle etter evaluering av tilboda ikkje er til stades.
Prosedyren gjev alle interesserte leverandørar moglegheit til å levere førespurnad om å delta i konkurransen. Berre dei leverandørane som oppfyller kvalifikasjonskrava og blir invitert av Oppdragsgjevar, kan gje tilbod.
Oppdragsgjevar kan velje å gjennomføre forhandlingar i fleire fasar der ein reduserer tal tilbod mellom kvar av fasane. Første reduksjon kan skje i forkant av forhandlingane. Slik reduksjon vil eventuelt skje på grunnlag av tildelingskriteria, jf. anskaffingsforskrifta § 23-11.