Pris leasingavtale og serviceavtale Pris vert evaluert etter tilboden leasingpris for 12 bilar (11 bilar pluss opsjon på 1 bil) i heile avtaleperioden på 36 månader. Terminbeløp på faktura, samt etableringskostnader, samt eventuelle tinglysingskostnader vert rekna med.
Ein ønsker prisa opsjon på serviceavtale, m.m. på prisskjemaet. Tilboden pris på serviceavtale vert rekna med, og evaluert i tildelingskriteriet Pris.
Vi nyttar ei metode for utrekning av poeng som gjev eit lineært forhold mellom auke i pris og reduksjon i poeng, slik at t.d. 10 % auke i pris gjev 10 % mindre prispoeng.
Beste tilbod vil bli gitt 10 poeng.
Tildelingskriterium 2
Kvalitet Tildelingskriteriet «Kvalitet» er todelt, og består av «Vurdering av «2» krav» og Vurdering av «3» krav. som opplyst i Produkt/prisskjema.
• Vurdering av «2» krav – 70 %
Krav: Oppdragsgjevar har sett ei rekke krav til bilane, leveransen, m.m. i kravsspesifikasjon og tilhøyrande produkt/prisskjema. Leverandør si oppfylling av dei krav som er sett med «2» i produkt/prisskjemaet vil bli vurdert og evaluert. Alle «2» krava vil telle likt innbyrdes ved evalueringa.
Dokumentasjon: Utfylt produkt/prisskjema med kommentarar og eventuelle vedlegg.
• Vurdering av «3» krav – 30 %
Krav: Oppdragsgjevar har sett ei rekke krav til bilane, leveransen, m.m. i kravsspesifikasjon og tilhøyrande produkt/prisskjema. Leverandør si oppfylling av dei krav som er sett med «3» i produkt/prisskjemaet vil bli vurdert og evaluert. Alle «3» krava vil telle likt innbyrdes ved evalueringa.
Dokumentasjon: Utfylt produkt/prisskjema med kommentarar og eventuelle vedlegg.
I evaluering av tildelingskriteriet Kvalitet, vil det bli nytta ein relativ metode, der det beste tilbodet vil bli gitt 10 poeng på kvart evalueringspunkt, og dei andre tilboda vil bli gitt ein relativ karakter i forhold til det beste tilbodet. Det vil bli nytta ein poengskala som går frå 1 til 10 poeng, der 10 er beste karakter.
Kriteria er oppført med vekting, og det tilbodet som får den høgaste samanlagte poengsummen vert vurdert som det mest fordelaktige tilbodet.