Cobrief Logo
Brief

Reisebyrå- og turisttjenester

Vestland Fylkeskommune Skyss planlegger en ny båtkontrakt for Sunnhordlandsruta med oppstart i desember 2030 og ønsker innspill fra reiselivsnæringen om potensialet for økt turisttrafikk og relevante tiltak for å utnytte dette. Leverandører oppfordres til å sende skriftlige svar på e-post til maria.markhus.jacobsen@skyss.no.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    Skyss er mobilitetseininga til Vestland fylkeskommune, og har ansvar for å utvikle og drifte kollektivtrafikken i fylket. Hovudoppgåvene er å planleggje og utvikle linjenett og rutetilbod, tildele transportkontraktar for buss, båt og ferje, sørgje for lovpålagd skuleskyss, informere og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar, gi kundeservice og utvikle nye og kombinerte mobilitetstenester. Utviklinga av tilbod og tenester skal skje med grunnlag i vedtekne planar og strategiar, dei reisande sine behov og i takt med endringar i bransjen. Skyss sitt budsjett vert vedteke av fylkestinget og set rammer for kva tilbod som er mogleg å tilby. Skyss førebur ny båtkontrakt for drift av Sunnhordlandsruta med oppstart i desember 2030. Reisetala for ruta er nokså stabile året gjennom og indikerer at fleirtalet av dei reisande per i dag er arbeidsreisande. Samstundes har nok fleire av båtruta sine delstrekningar og avgangar potensiale for meir turisttrafikk og betre kapasitetsutnytting. Det er ønskjeleg å utnytte eventuell betalingsvilje i turistmarknaden, samstundes som prisnivå og tilgjenge for lokalbefolkninga ikkje skal svekkjast. Vi har difor behov for å få meir innsikt frå reiselivsnæringa i om det er potensiale for meir turisme på desse båtavgangane og kva verkemiddel og tiltak som kan vere relevant for å kunne hente ut dette potensialet, til dømes for å kunne utvikle, kombinere, marknadsføre og tilby produkt spesielt retta mot turistar. Vedlegget «Rutestruktur og reisetal» inneheld grove reisetal for dei ulike turane med dagens rutestruktur. Tala er henta for perioden 01.07.2025-31.12.2025. Det gjev eit utgangspunkt for å vurdere når og kor det kan vere ledig setekapasitet til meir turisme. Frå desember 2030 vil Skyss gjere justeringar i rutetilbodet. Rutejusteringane inneber følgjande: • Nytte ytre seglingslei på alle turar mellom Bergen og Leirvik • Prioritere hovudreisetraumane framfor anløp i Fitjar • Differensiere bruken av fartøy med ei tredeling av båtruta etter marknad: I hovudsak eitt fartøy for forbinding mellom Leirvik og Bergen, eitt mellom Leirvik og Sunde og eitt for dei andre strekningane søraust for Stord • Styrke tilbodet mellom Stord og Kvinnherad med ein kveldsavgang på kvardagar • Betene Etne og Vindafjord med anløp i Ølen morgon, ettermiddag og kveld på veg frå/til Skånevik • Avvikle ein tur/retur mellom Bergen og Sunnhordland på søndag • Justere avgangstidspunkt søraust for Stord med opptil 10 minutt utanfor rush for å gje ladetid • Leggje opp til korrespondansetid i Leirvik for å sikre byte til og frå Bergen Vedlegget «Rutestruktur og reisetal» illustrerer ny rutestruktur, og viser kva anløp dei tre fartøya vil betene i kva tidsperiode frå desember 2030. Spørsmål til turistmarknaden: → Finnes det eit ikkje-unytta potensiale for fleire fritidsreiser og auka reiseliv på strekningar som desse tre fartøya betener? → Viss ja, kor stort trur de dette potensialet er? → Kva verkemiddel eller tiltak trur de trengs for å kunne auke andelen turistar på ruta? → Kva verkemiddel kan operatør/Skyss ta i bruk for gjere ruta lettare tilgjengeleg og meir attraktivt for turistar? (Til dømes marknadsføring, fleksibilitet knytt til prising eller mogelegheit for å setje saman pakketilbod.) → Korleis bør operatør/Skyss involvere reiselivsnæringa i eit mogeleg samarbeid? Tilbakemelding Vi ber om at svar vert sendt skriftleg på e-post til maria.markhus.jacobsen@skyss.no innan utgangen av 20.mars 2026. Skyss set svært stor pris på alle relevante innspel!

    Kontakt navn
    Maria Markhus Jacobsen
    Kontakt telefon
    +47 05557
    Adresse
    Lars Hilles gate 22, 5008 BERGEN

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner