I budsjettvedtaket i Vestland fylkeskommune i desember 2024 vart det knytt til Turistrute Hardanger vedteke eit mål om at ruter som er reine «turistruter» vert utvikla og driven kommersielt. Skyss har følgd opp vedtaket, og etter dialog med kommunar, næringsliv og andre involverte har Hardangerrådet IKS utarbeidd ein moglegheitsstudie for ei sesongbasert båtrute på Hardangerfjorden for kommersielle operatørar som vurderer å søke ruteløyve for å få konsesjon frå 2027.
For spørsmål, utfyllande informasjon eller vidare dialog om arbeidet med båtruta i Hardanger, kan førespurnader rettast til:
Ann Irene E. Myrheim
Dagleg leiar, Hardangerrådet IKS
Mobil: +47 90 99 19 56. E-post: ann.myrheim@hardangerraadet.no
Hardangerrådet står som regional koordinator for prosjektet og vil kunne svare på spørsmål knytte til både prosess, samarbeidspartnarar og vidare framdrift. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer innsyn i vedlegg, bidra med innspel eller drøfte moglege vidare steg.