Anbudsoversikt for Rammeavtale for kjøp av matter og mattesonar/reinhaldssonar

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Vaskeri- og renseritjenester

Oppdragsgjevar vil inngå rammeavtale med éin leverandør om mattesonar/reinhaldssonar. Avtalen omfattar følgjande: • Faste matter (ikkje heillimt til golv, men som limast/teipast i kantane) • Innvendig og utvendig avskrapingsmatte • Utstyr som er nødvendig for reinhald og vedlikehald av faste matter • Opplæring i bruk av utstyr og rutinar for reinhald og vedlikehald av faste matter • Montering av faste matter, inkludert fjerning av eksisterande matter der det er nødvendig • Enkel rådgjeving for val av stoff, fargar og liknande i samband med avrop/bestilling Avtalen består av eit hovudsortiment nedfelt i Bilag 5 Vedlegg 1 «Prisskjema», og eit tilleggssortiment beståande av produkt som heng saman med hovudsortimentet og som er i tråd med Rammeavtalens formål.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Oppdragsgiver
Tittel
Rammeavtale for kjøp av matter og mattesonar/reinhaldssonar
Kategori (CPV)
Tilleggskategorier (CPV)
Estimert verdi
8 000 000,00 kr
Varighet
24 måneder
Tildelingskriterium 1

Miljø
Tildelingskriterium 2

Kvalifikasjonskrav 1

Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller eit handelsregister i den staten leverandøren er etablert. - Dokumentasjonskrav: Norske leverandørar: Firmaattest Utanlandske leverandørar: Attest for registrering i faglege register som bestemt i tråd med lovgjevinga i det landet leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal ha ein økonomi som er tilfredsstillande nok til å kunne gjennomføre sine kontraktsforpliktingar. - Dokumentasjonskrav: Kredittvurdering som baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Denne skal vere utførd av kredittopplysningsverksemd som har konsesjon til å drive med slik verksemd. Oppdragsgjevar forbeheld seg retten til å sjølv innhente kredittvurdering av leverandøren. Nyetablerte selskap som ikkje har opparbeidd grunnlag for kredittvurdering må leggje ved erklæring frå bank, revisor eller liknande finansieringsinstitusjon vedkomande føretaket si økonomiske og finansielle stilling. Dersom leverandør har sakleg grunn til å ikkje legge fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar krev, for eksempel dersom han meiner at informasjonen ikkje gir eit korrekt bilete av den økonomiske situasjonen til leverandør, kan leverandør dokumentere sin økonomiske og finansielle stilling ved å leggje fram andre dokument som oppdragsgjevar ser som eigna.
Kvalifikasjonskrav 3

Kvalifikasjonskrav 1: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg kompetanse og erfaring til å gjennomføre kontrakten på ein tilfredsstillande måte. - Dokumentasjonskrav 1: Leverandør skal levere ei oversikt med inntil 3 liknande leveransar som leverandøren har utført i løpet av dei siste 3 åra. Oversikta skal innehalde opplysningar om kontraktanes verdi, tidspunkt for levering eller utføring og namn på mottakar. Ansvarleg kontaktperson hjå leverandør og kunde skal kome tydeleg fram og inkludere telefonnummer. - Kvalifikasjonskrav 2: Leverandøren skal ha miljøleiingstiltak og rutinar som sikrar ivaretaking av miljømålsettingane ved anskaffinga. - Dokumentasjonskrav 2: Leverandøren skal beskrive dei miljøleiingstiltak relevante for utføringa av avtalen og kort beskrive korleis dei kan bidra til å sikre oppfylling av miljøkrava: - Redusere tomgangskøyring - Sikre at personell gjennomfører kurs i ECO- køyring - Kjeldesortering og miljømessig avhending av avfall - Korleis Leverandøren jobbar for å ha miljømessige og mest mogleg berekraftige produkt i sitt sortiment - Retur av emballasje

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner