Beskrivelse
Miljø- og klimakrav er brukt som minstekrav i kravspesifikasjonen og kontraktskrav i staden for i evalueringa.
DFØ viser i sin rettleiar til reglar om klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar, kapittel 11.2, til undersøkingar gjort av EU sitt Joint Research Center (JRC), som viser til at bruken av server og lagringskomponentar står for over 85% av miljøpåverkinga, og at råmaterialeutvinning, produksjon og distribusjon står for det resterande, der distribusjonen av produkta har mist påverking.
Vestland fylkeskommune vurderer det dit at oppdragsgjevar har liten eller ingen mogelegheit til å påverke prosessane knytt til utvinning av råmateriale og produksjon, då dette er faktorar som ligg utanfor anskaffinga si rekkevidde. Vestland fylkeskommune skal inngå ein avtale med ein leverandør som vil vere distributør av server og lagringskomponentar, og tilbydarane i konkurransen vil kunne tilby produkt frå dei same produsentane. Utvinning- og produksjonsprosessane vil i dei aller fleste tilfelle utgjera forretningshemmelegheiter som oppdragsgjevar ikkje har mogelegheit til å få innsyn i. Utan naudsynt innsikt vil det ikkje vera mogeleg å stille fornuftige, målbare krav som kan sikre ein positiv miljøeffekt, samt å kunne evaluere slike kriteria.
Vestland fylkeskommune har vurdert det slik at effekten av å vekte miljø som tildelingskriterium vil vera mindre enn effekten av å stille:
• Minimumskrav i kravspesifikasjonen som sikrar lang levetid på server og lagringskomponentane
• 5 års garanti
• Krav til miljøsertifisering på serverane
• Kvalifikasjonskrav om å ha miljøleiingssertifisering ved kvalifikasjonstidspunkt
• Kontraktskrav om ivaretaking av ytre miljø og at leverandør skal vere sertifisert etter ei tredjeparts miljøsertifiseringsordning
vil effekten vere betre enn om miljø var satt opp som eit tildelingskriterium.
Vidare har Vestland fylkeskommune allereie etablert avtale om avhending av IT-utstyr, som sikrar at utstyr som vert vurdert som utrangert hjå oppdragsgivar vert sikra eit vidare liv gjennom vidaresal, gjenbruk eller resirkulering. Dette vil vera med på å redusere behovet for utvinning av nytt råvaremateriale som brukt i produksjonen.
Vestland fylkeskommune si vurdering er at å kjøpe server og lagringskomponentar som har lang levetid og ha miljømerking vil ha større miljømessig gevinst enn å vekte miljø 30% som tildelingskriterium.
På bakgrunn av dette har Vestland fylkeskommune vurdert at kjøp av server og lagringskomponentar i denne anskaffinga, gjennom kvalitetskrav i kravspesifikasjonen, kvalifikasjonskrav og kontraktskrav vil sikra ein betre miljø- og klimaeffekt enn om ein hadd