Oppdragsgjevar for anskaffinga er Voss herad. Voss herad er ein kommune sentralt i Vestland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal, i sørvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik. Voss er hovudsakleg ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med sine 1805 kvadratkilometer ein stor kommune i Vestland.
Sjå https://voss.herad.no/ for ytterlegare informasjon.Hovedtrekkene i prosedyrenFøremålet med anskaffinga er å inngå ein rammeavtale for innkjøpsfagleg bistand, med ein leverandør. Voss herad gjennomfører ei rekke innkjøp innan nybygg, drift- og vedlikehald og vare- og tenestekjøp, og har i periodar behov for innkjøpsfagleg rådgjeving utover kompetansen og kapasiteten som allereie finst i organisasjonen. Dei enkelte oppdraga kan variere i karakter og omfang, men det vil i stor grad omhandla innkjøpsfagleg bistand i små og store innkjøpsprosessar, enkeltkjøp og rammeavtalar. Oppdraga vil kunne omfatta alle område i organisasjonen, og rammeavtalen vil verta nytta på ulike nivå i organisasjonen. Voss herad har i ein periode hatt eit større behov for innkjøpsfagleg bistand enn det som organisasjonen har hatt kapasitet til å dekka med interne ressursar. Situasjonen vil halda fram i ein periode då innkjøpsavdelinga ikkje er fullbemanna, og det er venta at behovet vil vera større inntil organisasjonen har fått på plass nytilsett. Det første året i avtaleperioden vil difor ha større omfang av innkjøpsfagleg bistand, og volumet vil gå ned på eit stabilt lågare nivå etter dette.
Fullstendig skildring av leveransen følgjer av kravspesifikasjonen.
Oppstartsdato for rammeavtalen er snarleg etter tildeling, men seinast 01.03.24.