Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.
Brief
Undervisning, opplæring og videreutdanning
Vestland Fylkeskommune trenger samarbeidspartnere med erfaring fra akvakultur for å levere opplæringskonsesjon ved Austrheim vgs til en verdi av 150 000 000 NOK. Det skal inngås en partnarskapsavtale med oppdrettar for å delta i samarbeid om opplæring innen akvakultur. To viktige formelle krav er at leverandøren må ha erfaring fra drift av akvakulturløyve og ha kapasitet og gjennomføringsevne, samt kvalitetssikringsrutiner relevant for avtalen. Anbudets vekting er nærleik/reisetid til skolen: 30%, bredde i produksjonslinja: 10%, pedagogisk samarbeid: 30%, evne til å stette føremålet i laksetildelingsforskriften: 15% og miljøhensyn: 15%.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!
Austrheim vgs tilbyr studie vg1 Naturbruk frå hausten 2022 og vg2 Akvakultur frå hausten 2023
Konkurransen gjeld inngåing av partnarskapsavtale med oppdrettar om å delta i samarbeid om opplæringskonsesjon ved Austrheim vgs.
Konkurransen er lyst ut som open anbodskonkurranse i Doffin/TED grunna ein teknisk brist hos Visma TendSign. Dette er ein konkurranse etter forskrifta del IV. Sjå konkurransegrunnlaget for meir detaljar.Hovedtrekkene i prosedyrenKonkurransen gjeld inngåing av partnarskapsavtale med oppdrettar om å delta i samarbeid om opplæringskonsesjon ved Austrheim vgs.
Konkurransen er lyst ut som open anbodskonkurranse i Doffin/TED grunna ein teknisk brist hos Visma TendSign. Dette er ein konkurranse etter forskrifta del IV. Sjå konkurransegrunnlaget for meir detaljar.
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, resultatgrad, soliditet og likviditet.
Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak.
Leverandøren skal ha røynsle frå drift av akvakulturløyve.
Leverandøren skal ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast.
Leverandør må ha rutinar for kvalitetssikring relevant for avtalen.
Tildelingskriterier
Beskrivelse
Opplæring skal delvis skje ute på matfiskanlegg. Dette vil i store delar av opplæringa på VG1 og VG2 vera ein del av vekeplanen. Transport til og frå anlegg bør difor vera så effektivt som mogleg. Tilbydar skal skildre lokasjon for heile produksjonslinja. Det vil bli lagt vekt på at samarbeidsbedrift har lokalitet(ar) med kort reisetid til og frå skulen i Mastrevikane.
Beskrivelse
Kompetansemåla i læreplanen for akvakultur krev at eleven får god og relevant opplæring i alle sider ved oppdrett av laksefisk. Dette gjeld prosessen frå smolt til ferdig produsert matfisk. Om bedrifta også kan gje elevar (og pedagogisk personell) innsikt i forsking og vidareutvikling av akvakultur vil det kunne trekkja opp.
Beskrivelse
Den pedagogiske planen vil vera ein sentral del i ein søknad om tildeling av undervisningskonsesjon. Skulen vil alltid vera ansvarleg for den pedagogiske sida i opplæringa, men dette må skje i eit godt samarbeid med bedrift som leige konsesjon, og stiller anlegg til disposisjon i undervisninga. Kriteriet er delt i to:
1. Kapasitet til pedagogiske ressurs hos bedrift
Det vil leggjast vekt på at bedrifta kan vise til at det vil bli dedikerte ressursar til opplæringa. Dette vil først og fremst vera aktuelt ute på anlegget, men kan også vera ressurs som er tilgjengeleg i evt. akvahall og andre delar av opplæringa for elev. Fordeling av kostnadar for slik ressurs vil vera del av forhandling om godtgjersle. Det som vert lagt vekt på i evalueringa av dette underkriteriet er kva pedagogiske ressursar bedrifta kan vise til og eventuell plan til å stille kompetent personell til pedagogisk arbeid tilgjengeleg.
2. Bidrag til utarbeiding av pedagogisk plan
Uavhengig av kva ressurs bedrifta kan stille tilgjengeleg vil ein sentral del vera å utarbeida pedagogisk plan saman, som skal følgje søknad. Det er eit ønskje om at bedrift deltar aktivt i arbeidsgruppe for utarbeiding av søknad og pedagogisk plan. Bedrifta må ha ein plan for korleis undervisning kan fylgjast i periodar der anlegget er brakklagt. Her vil det vera eit føremon om bedrifta har erfaring med undervisning og formidling retta mot ungdom/skuleelevar i regionen.
3. Relevant opplæring
Det er ynskjeleg at bedrifta legg til rette for, og gjennomføring av praktiske deler av relevante kurs. T.d. D6, truck-kurs, krankurs, VHF.
4. Erfaring
Det er ynskjeleg at bedrifta viser til erfaring med gjennomføring av pedagogisk opplegg/fagdagar i samarbeid med skule.
Beskrivelse
Dette vil vere ei heilskapssvurdering av dokumentasjon og skildring frå bedrift om korleis den kan bidra til å stette føremålet i §6-1, 5.ledd i laksetildelingsforskriften: “Akvakultur av matfisk til undervisning skal bidra til at undervisningsinstitusjonene skal kunne tilby attraktiv, realistisk og kvalitativ god undervisning i praktisk akvakultur og akvakulturregelverk og derigjennom bidra til rekruttering av personell med relevant kompetanse til akvakulturnæringen”
Beskrivelse
Austrheim vgs er eigd av Vestland fylkeskommune og fylkeskommunen følger føringane i “Utviklingsplan for Vestland 2020-2024". I denne utviklingsplanen legg ein til grunn berekraft som grunnleggjande prinsipp. Under hovudmål og strategiar finn ein Mål 2: “Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling”. Det er forventa stor vekst i den marine sektoren i Norge, og den “blå åkeren” er forventa å bli ein stadig viktigare del av matproduksjonen i verda. Ein slik vekst krev at ein har berekraftige løysingar som kan gi grunn for vekst i heile produksjonskjeda. Det vil bli lagt vekt på i kor stor grad bedrifta har eit bevisst fokus på dette, kva tiltak og prosjekt dei kan visa til for berekraftig vekst og eventuelle samarbeid med andre bedrifter og organisasjonar om miljø og berekraft.