Skyss skal i løpet av dei neste åra gjennomføre konkurranse om nye båtkontraktar for fleire båtruter i Vestland fylke. Båtruta mellom Florø og Måløy, også omtala som «Kystvegekspressen», er ei av desse.
Det er per no ikkje avklart når konkurranse om ny kontrakt vil bli kunngjort og når ny kontrakt skal starte opp. For å kunne planlegge dei komande konkurransane best mogeleg, har Skyss behov for noko informasjon frå marknaden. Under finn de nokre spørsmål vi vonar marknaden kan gje sine tilbakemeldingar på. Dersom marknaden har kommentarar utover dei spørsmåla som er gitt under, er vi også takksame for slike innspel.
Kort om båtruta og fartøy
Ruta fungerer som ei pendlings- og skulerute som i all hovudsak tener lokaltrafikk. I dag bruker fartøyet mellom 74 og 86 min på strekninga, litt avhengig av kor mange kaier som vert tekne i bruk undervegs. Dette gjev eit hastigheitsbehov på om lag 26-28 knop med dagens fartøy. Farvatnet for ruta er tidvis krevjande, spesielt Frøysjøen er tidvis utsett for vind og bølgjer. Per no er det ingen planar om å endre ved dagens rutetabell.
Dagens fartøy har ein kapasitet på 97 pax. Det er ikkje avklart kva som vil vere nytt minimumskrav til passasjerkapasitet, men minimumskravet vil truleg ligge på 48-70 pax. Det er heller ikkje avklart om alle fartøykrava frå dagens kontrakt skal vidareførast og Skyss ønskjer gjerne innspel knytt til dette.
Førebelse fartøykrav:
• 2 skrogsfartøy (katamaran).
• Landgang i baug og på ei side akter for fleksibilitet i høve kai.
• Av-/ombordstiging skal kunne skje på ein trygg og god måte ved alle tidevasstilstandar. Dette gjeld også for evt. rullestolbrukar/motorisert rullestol og andre menneske med funksjonsvariasjon.
• Minst eitt toalett tilpassa rullestolbrukar. Rullestol skal ha trinnfri tilkomst til passasjersalong og toalett. Lysopning til inngang toalett minst 80cm. Skal ha plass til rullestol på ei side av toalett. (120cm x 70cm).
• Seteavstand 73cm. Setebreidd 45cm, setedjupn, 42cm, 15% av stolane skal vere ved bord.
• MARPOL Tier II på framdriftsmaskineri
• Hovudfartøy skal vere Skyssprofilert
• Støy, maks 70dB i senter av passasjersalong.
• Temperatur min 20 grader, maks 25 grader
Andre krav:
• Reservefartøy minimum 48 pax innan 9 timar.
• Sanntidsrapportering av posisjon, energibruk, utsegla distanse, passasjerstatistikk, avviksrapportering m.m.
Spørsmål til marknaden
Er det tilgjengelege fartøy i marknaden i storleiken 48-70 pax som vil vere eigna på denne ruta? Vi viser i denne samanheng til informasjon gitt over om ruta.
- Viss ja,
o Når vil slikt fartøy kunne vere tilgjengeleg for bruk i denne ruta, dvs utan forpliktingar til evt andre oppdrag?
o Sett vekk frå eventuelt behov for tilpassing og tilrettelegging for klimakutt, kor lang tid treng operatør frå tildeling av kontrakt til fartøy vil vere klart for drift i ruta (dvs behov for ombygging/tilpassing til fartøykrava skissert over)?
- Vil eitt eller fleire av fartøykrava over vere utfordrande å oppfylle med det tiltenkte fartøyet? Evt kva fartøykrav vil det gjelde, og kva må evt kravet reduserast til?
Tilbakemelding
Vi ber om at innspel vert oversendt til epost ashild.fossgard.sandoy@skyss.no innan 05.02.2026 kl. 12.
På førehand – tusen takk!