Tildelingskriterium 6Miljø
Miljø- og klimakrav er brukt som minstekrav i kravspesifikasjonen i staden for i evalueringa.
DFØ viser i sin rettleiar til reglar om klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar, kapittel 11.2, til undersøkingar gjort av EU sitt Joint Research Center (JRC), som viser til at utvinning av råmateriale og produksjon av komponentane brukt i berbare pc-ar utgjer om lag 85% av samla klimaavtrykk, i pc-en sin livssyklus.
Vestland fylkeskommune vurderer det dit at oppdragsgjevar har liten eller ingen mogelegheit til å påverke prosessane knytt til utvinning av råmateriale og produksjon, då dette er faktorar som ligg utanfor anskaffinga si rekkevidde. Vestland fylkeskommune skal inngå avtale med ein leverandør som er distributør av pc-ar, og mange av tilbydarane i konkurransen vil tilby produkt frå dei same produsentane. Utvinning- og produksjonsprosessane vil i dei aller fleste tilfelle utgjera forretningshemmelegheiter som oppdragsgjevar ikkje har mogelegheit til å få innsyn i. Utan naudsynt innsikt vil det ikkje vera mogeleg å stille fornuftige, målbare krav som kan sikre ein positiv miljøeffekt, samt å kunne evaluere slike kriteria.
Vestland fylkeskommune har vurdert det slik at effekten av å vekte miljø som tildelingskriterium vil vera mindre enn effekten av å stille krav i kravspesifikasjonen som ivaretar miljø. Gjennom å stille opp krav i kravspesifikasjonen som sikrar lang levetid på pc-ane, 3 års garanti, reparasjon og utskifting av utskiftbare deler vil Vestland fylkeskommune sikre eit sortiment som har høg klima- og miljøeffekt, samanlikna med effekten det ville hatt å stille miljø som tildelingskriterium.
Vestland fylkeskommune har i denne anskaffinga stilt fleire miljøkrav, mellom anna knytt til kvalitet og levetid på pc, batteri og ladarar. Vidare har Vestland fylkeskommune allereie etablert avtale om avhending av IT-utstyr, som sikrar at utstyr som vert vurdert som utrangert hjå oppdragsgivar vert sikra eit vidare liv gjennom vidaresal og vidare bruk og levetid etter endt levetid hjå Vestland fylkeskommune. Dette vil vera med på å redusere behovet for produksjon av nye pc-ar og er såleis med på å redusere det totale klimaavtrykket på dei kjøpte pc-ane i denne anskaffinga, men og behovet for produksjon med nye pc-ar. Dette ved at fleire utanfor organisasjonen får tilgang til godt utstyr som er fint brukt, og difor ikkje har behov for å kjøpe nytt.
Krav i kravspesifikasjonen som særleg støttar opp under miljøomsyn er;
• 5.4 Robuste berbare pc-ar
• 5.5 Batterikapasitet
• 5.6 Utskifting av kritiske komponentar i PC-ar og skjermar
• 5.7 Lovkrav om helse- og miljøskadelege stoff
• 6.2 Garanti
• 6.4 Reparasjon
Vestland fylkeskommune si vurdering er at å kjøpe pc-ar av god kvalitet, som kan vara lenge, og reparerast framfor å bytte ut, vil ha ein større miljømessig gevinst enn å vekte miljø 30% som tildelingskriterium.
På bakgrunn av dette har Vestland fylkeskommune vurdert det slik at kjøp av pc-ar i denne anskaffinga, gjennom krav i kravspesifikasjonen, vil vera sikra ein betre miljø- og klimaeffekt enn om ein hadde brukt miljø som tildelingskriterium. Unntaksføresegna i forskrift om offentlege anskaffelser § 7-9 fjerde ledd fyrste punktum vil difor kome til anvending i denne anskaffinga.
Kvalifikasjonskrav 3Denne oppfyller de objektive og ikke-diskriminerende kriterier eller regler som skal anvendes for å velge ut antallet av leverandører på følgende måte:
Hvis det anmodes om visse attester eller andre former for dokumentasjon, angis for hver enkelt om leverandøren er i besittelse av dokumentene som etterspørres:
Hvis noen av disse attestene eller andre former for dokumentasjon er tilgjengelige i elektronisk form , angis dette for hver enkelt:
Kvalifikasjonskrav 6Kvalitetssikrings- og miljøleiingsstandardar
Leverandøren skal vere sertifisert etter miljøfyrtårn, EMAS, ISO 14001 eller tilsvarande standardar
Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle dette kravet.