Anbudsoversikt for Rammeavtale for bistand innan kommunikasjonstenester

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Arrangementstjenester

Anskaffinga gjeld kjøp av bistand til teamet som arbeider med kommunikasjon og marknad i NDLA. Leverandøren skal levera løypande bistand kva gjeld strategisk kommunikasjon, merkevare- og omdømebygging og marknadsføring. Herunder ligger bistand til å identifisere og prioritere aktiviteter innen merkevarebygging. Leverandøren skal også kunne utvikle, produsere og gjennomføre ulike marknadsføringstiltak.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
Rammeavtale for bistand innan kommunikasjonstenester
Estimert verdi
4 000 000,00 kr
Kvalifikasjonskrav 1

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Dokumentasjon: Norske selskap: Firmaattest frå Brønnøysundregistra Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert.
Kvalifikasjonskrav 2

Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Dokumentasjon: Oppdragsgjevar vil i utgangspunktet sjølv innhente ei kredittvurdering av leverandøren. Kredittvurderinga baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, inntening, soliditet og likviditet. Oppdragsgjevar tek atterhald om å hente inn leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjonsmelding frå det siste året*. Utanlandske leverandørar bes om å levera inn årsrekneskap, inkludert eventuelle noter med styre- og revisjonsmelding, frå de siste to årene. Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
Kvalifikasjonskrav 3

1. Leverandøren skal ha røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. Med «tilsvarande oppdrag» meinast oppdrag som omhandlar fleire av dei etterspurde oppgåveområda i punkt 1 «Arbeidsomfang» i «Vedlegg A – kravspesifikasjon» for ein oppdragsgivar av tilsvarande storleik som NDLA. Dokumentasjon: Skildring av dei 3 mest relevante oppdraga frå leverandøren i løpet av dei siste 3 åra. Skildringa må inkludere informasjon om verdien av oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post). Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klårgjering av relevansen av oppdraget. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren skal nytte referanseskjema i Vedlegg 5. 2. Leverandøren skal ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast. Dokumentasjon: Ein kort og overordna skildring av verksemda som inkluderer: -Verksemdas overordna organisering, herunder tal tilsette -Tilgjengeleg arbeidskapasitet

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner