Føremålet med avtalen er levering av tolketenester frå kvalifiserte tolkar. «Kvalifisert tolk» er definert som tolk som oppfyller krav til å stå oppført i Nasjonalt tolkeregister. Med tolke- tenester meiner vi tolking til/frå norsk og framandspråk. Avtalen gjeld i all hovudsak telefontolking. Avtalen kan også gjelde skjermtolking, da til same vilkår.
Leverandør skal også tilby opsjon på translatørtenester med omsetting av skriftelege dokument til same språk.
Stiftelsen NOK. Sogn og Fjordane, org.nr. 998 382 726 skal kunne slutte seg til avtalen på same vilkår som kommunen.
Oppdragsgivar har estimert volum pr. år til ca. kr 1 500 000 ekskl. mva. Estimatet er usikkert. Volum vil vere avhengig av blant anna oppdragsgivars behov, aktivitetar, budsjettsituasjon og andre rammefaktorar. Volum kan derfor variere både opp og ned. Det er ikkje kjøpeplikt på avtalen.
Maksimalverdi for heile avtaleperioden, inkludert opsjonar og forventa prisstigning er satt til kr 6 600 000.
Estimert totalverdi for anskaffinga er over EØS-terskelverdi.