Anbudsoversikt for Rammeavtale for reklamebyråtenester
Utgått
Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.
Brief
Arrangementstjenester
Skyss er ei ytre eining i Hordaland fylkeskommune og organiserer nær all kollektivtransporten i fylket etter budsjetta som politikarane vedtek. Skyss inngår avtalar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer til trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss har ansvaret for planlegging, koordinering og marknadsføring av kollektivtrafikk i Bergen og Hordaland. Skyss har planar om å inngå rammeavtale med eit fullservice reklamebyrå som kan levere kreativ marknadskommunikasjon av høg kvalitet på ulike flater i ein stadig meir skiftande og krevjande marknad.
Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!
Prøv Cobrief ProOm anbudet
Kvalifikasjonskrav
Tildelingskriterier
Se hele utlysningen
- Tittel
- Rammeavtale for reklamebyråtenester
- Kategori (CPV)
- Tilleggskategorier (CPV)
- Estimert verdi
- 13 000 000,00 kr
- Kvalifikasjonskrav 1
- Kvalifikasjonskrav 2
- Kvalifikasjonskrav 3
- Kvalifikasjonskrav 4
Krav: Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Dokumentasjonskrav: Norske leverandørar: • Firmaattest. Oppdragsgjevar lastar ned attesten frå Brønnøysundregisteret. Utanlandske leverandørar: • Stadfesting på at leverandøren er registrert i bransjeregister eller føretaksregister i samsvar med lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert.
Krav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell styrke til å kunne oppfylle kontrakten. Dokumentasjonskrav: Leverandøren sin årsrekneskap, inkludert notar, med styre- og revisjonsmelding frå 2015, 2016 og 2017. Dersom årsrekneskapen for fjoråret ikkje er ferdigstilt når tilbodsfristen for denne konkurransen går ut, skal det i tillegg leggjast ved ein mellombels årsrekneskap for fjoråret. Oppdragsgjevar tek atterhald om å sjølv gjere ei kredittvurdering frå Experian. Finansiell styrke blir vurder etter omsetning, resultatgrad, soliditet og likviditet.
Krav : Leverandøren skal ha evna til å oppfylle kontrakten Dokumentasjonskrav: Det skal gjevast ei kort og overordna skildring og/eller visuell framstilling av verksemda på maksimalt 5 sider. Denne skal inkludere: - Kort skildring av organiseringa og eigarstrukturen til verksemda - Ei kort skildring av føretaket sin forretningsidé og kjernekompetanse i høve til leveringsomfanget - Ei utgreiing om leverandøren sine rutinar når det gjeld administrasjon rundt handtering av oppdrag, inkludert prosjektverktøy og økonomi. Krav: Leverandøren må ha god kompetanse og erfaring frå tilsvarande oppdrag. Dokumentasjonskrav: Referansecasar frå 3 relevante leveransar dei 3 siste åra. Leverandøren skal fylle ut og leggje ved Vedlegg 4 «Mal for skildring av leverandørens referansar.» I tillegg kan det leverast visuell dokumentasjon på maks 3 sider per case. Med tilsvarande oppdrag er ikkje meint at det må vere leveransar innanfor same bransje som Skyss, men tidlegare leveransar må vise overføringsverdi. Lista skal minimum innehalde: • Namn på oppdragsgjevaren • Tidsrom for utføring • Omfang av leveransen i beløp • Kort skildring av leveransen og eventuelle resultat
Krav: Leverandøren skal ha ordna forhold med omsyn til betaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift. Dokumentasjonskrav: Skatteattest ikkje eldre enn seks månader rekna frå søknadsfristen. Med skatteattest er meint: For norske leverandørar: • Attest for skatt og meirverdiavgift utferda av skattekontoret via Altinn For utanlandske leverandørar: • Utanlandske leverandørar må leggje fram tilsvarande attestar frå sine land som viser at dei har ordna skatte- og avgiftsforhold. Dersom myndigheitene i det aktuelle landet ikkje utferdar slike attestar, skal leverandøren leggje fram ei erklæring som stadfester at alle skattar og avgifter er betalte. Erklæringa skal vere godkjend og signert av leverandøren sin økonomidirektør/økonomiansvarlege.