Skyss søkjer å forstå korleis ein kan leggje til rette for låg- og nullutsleppsdrift på båtrutene i Sunnhordland, Austevoll og mellom Os, Tysnes og Kvinnherad. Det vert arbeidd med nye teknologiløysingar i ulike deler av marknaden og teknologibiletet kan derfor vere noko endra frå sist Skyss gjennomførte marknadsdialog for hurtigbåtar. Vi ser derfor eit behov for å gjennomføre ein ny dialogrunde for å få oppdatere vår kunnskap. Dialogen handlar om: • Kva teknologikonsept er relevante ved konkurranseutsetting i desember 2024 og idriftsetting i januar 2028? • Kva er meirkostnadene ved dei ulike konsepta? • Bør oppdragsgjevar leggje særskilt til rette for dei relevante teknologikonsepta med tanke på liggjetid, kaiinfrastruktur, areal og nett? Skyss vil, basert på informasjonen frå denne dialogen, vurdere tilpassingar i rutetilbodet og leggje fram sak for fylkesutvalet i Vestland med oppsummering av det tekniske handlingsrommet for båtrutene.