Skyss er mobilitetseininga til Vestland fylkeskommune, og har ansvar for å utvikle og drifte kollektivtrafikken i fylket. Hovudoppgåvene er å planleggje og utvikle linjenett og rutetilbod, tildele transportkontraktar for buss, båt og ferje, sørgje for lovpålagd skuleskyss, informere og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar, gi kundeservice og utvikle nye og kombinerte mobilitetstenester. Utviklinga av tilbod og tenester skal skje med grunnlag i vedtekne planar og strategiar, dei reisande sine behov og i takt med endringar i bransjen. Skyss sitt budsjett vert vedteke av fylkestinget og set rammer for kva tilbod som er mogleg å tilby.
Vi arbeider kontinuerleg med å styrkje korrespondansar, sikre rett kapasitet til rett tid og ta i bruk teknologi og data for å gjere reisa meir føreseieleg og ressursbruken meir effektiv.
Som del av dette arbeidet ynskjer Skyss å få innspel frå private kollektivselskap om korleis vi kan utvikle eit meir heilhetlig kollektivtilbod i Vestland. Dette omfattar både strukturelle og operasjonelle aspekt ved mobilitetstilbodet, og gjeld særleg område med behov for betre koordinering, fleksibilitet og tilpassing til brukarane sine behov.
I tillegg ynskjer Skyss å utforske om det finst interesse i marknaden frå kommersielle aktørar for å tilby tenester på utvalde strekningar, eller deler av dei. 8 ruter er peika ut som aktuelle for innspel knytt til mogleg kommersiell drift. Desse rutene har særlege kjenneteikn – som høg etterspurnad i turistperiodar, geografisk kompleksitet eller behov for meir fleksible løysingar enn det ordinære rutetilbodet gir rom for.
Følgjande ruter er peika ut som aktuelle for innspel:
805 – Brebuss Fjærland
115 – Olden–Briksdalen
862 – Gaupne–Jostedalen
945 – Voss–Ulvik
850 – Gudvangen–Flåm–Ål
982 – Jondal–Krossdalen–Folgefonna
860 – Sogndal–Lom
Sjå vedlegg for meir informasjon om rutane.
Skyss ynskjer å få innspel frå private kollektivselskap som kan bidra til å utvikle eit betre og meir samordna kollektivtilbod i Vestland. Innspela skal vere på generelt grunnlag og kan omfatte både strukturelle og operasjonelle aspekt ved bussbasert kollektivtransport.
Vi oppmodar dykk til å svare på følgjande punkt:
Kva innspel har de på generelt grunnlag til korleis kollektivtilbodet i Vestland kan bli betre og meir samordna?
Kva innspel har de til korleis overgangar mellom rutene kan løysast betre?
Kva type fleksible eller alternative transportløysingar ser de som aktuelle?
Korleis kan private aktørar bidra til å styrkje brukaropplevinga og gjere reisa meir føreseieleg?
Kva teknologiske eller digitale løysingar nyttar de som kan vere relevante i ein felles mobilitetsmodell?
Kva erfaringar har de med samarbeid eller koordinering med offentlege aktørar innan kollektivtransport?
Innspel knytt til mogleg kommersiell drift
Skyss ynskjer også å få innspel knytt til mogleg kommersiell drift på utvalde ruter. Vi ynskjer å kartleggje om det finst interesse i marknaden frå kommersielle aktørar for å tilby tenester på desse strekningane, og korleis slike tilbod kan inngå i eit samla og samanhengande kollektivsystem.
Dei innkomne innspela vil bli bearbeidde og inngå som del av det vidare vurderingsgrunnlaget for korleis desse rutene kan organiserast framover.
Innlevering av innspel
Vi ber om at innspela er poengterte og dokumenterte, til dømes i ein presentasjon som vert sendt til: line.sofie.gjerde@vlfk.no
Frist innan utgangen av 14. oktober 2025.
Avhengig av omfanget på dei innkomne innspela, kan det bli invitert til dialogmøte der det vert høve til å leggje
fram innspela.