Cobrief Logo
Brief

Fergetransport

Vestland Fylkeskommune Skyss planlegger anskaffelsen av tjenester for drift av Sunnhordlandsruta, som inkluderer tre fartøy med kapasitet på minst 260 PAX, 199 PAX og 147 PAX, med hybridelektrisk drift. Leverandører inviteres til å gi innspill til anskaffelsen ved å svare på spørsmål om tidsbehov fra kontraktssignering til driftsoppstart og hvordan mannskapskostnader påvirkes av nattligge, driftsdøgn og fartøystørrelse.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

    1. Bakgrunn Båtrutene som vert omtalt som Sunnhordlandsruta knyt saman Sunnhordland og Bergen og stadene i og rundt Sunnhordlandsbassenget. Dagens kontrakt med Norled for drift av Sunnhordlandsruta løper ut 31.12.2027 og ny kontrakt må difor konkurranseutsettast. Skyss er godt i gang med førebuingsarbeidet for ny kontrakt og konkurranse. Marknadsdialog knytt til teknisk status vart gjennomført våren 2024 og ga Skyss verdifull kunnskap om kva som kan vere teknisk mogeleg for rutene. Basert på denne kunnskapen vedtok Fylkesutvalet i Vestland fylke i mai 2025 at ein for desse rutene legg til rette for bruk av kjend batteri- og skrogteknologi. Vidare vart det vedteke at Skyss skal søke medfinansiering av Klimasats for meirkostnadane knytt til elektrifiseringstiltak og at eventuelt medfinansieringsbeløp skal definere grad av tilrettelegging og nivå for klimaambisjonen. Vestland fylkeskommune vart september 2025 tildelt 213 millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet gjennom Klimasatsordninga. Midlane skal bidra til å sikre hybridelektrisk drift av rutene. Rutetilbod og grad av elektrifisering er no under utgreiing i Skyss, og følgjande vert vurdert: - Å dele opp ruta i to: Ei regional rute frå Bergen til Leirvik (fartøy A) og ei lokal rute i Sunnhordlandsbassenget (fartøy B og C) - Betening av Fitjar og Vindafjord • Spreie avgangar utanfor rush for å sikre noko meir ladetid • Lading på kaier som Leirvik, Sunde og Skånevik • 3 fartøy: • 1 fartøy på minst 260 PAX • 1 fartøy på minst 199 PAX • 1 fartøy på minst 147 PAX Skyss vil truleg leggje opp til at vinnande operatør sjølve må etablere ladeinfrastruktur på dei aktuelle kaiane, men Skyss vil sikre at avtalar med grunneigar og at eventuelle dispensasjonar frå arealplanar er på plass. Vidare vil Skyss ta ansvar for naudsynt nettoppgradering innan driftsoppstart. 2. Avklaringsbehov 2.1 Tidsbehov frå kontraktssignering til driftsoppstart Basert på tidlegare marknadsinnspel knytt til byggetid for nybygg er driftsoppstart førebels planlagt til desember 2030. For å sikre drift i tida mellom dagens kontrakt utløper og desember 2030 er det vedteke å først kunngjere ein kortvarig driftskontrakt for Sunnhordlandsruta med om lag tre års varigheit. Det er per no lagt opp til at konkurransen for ei langvarig driftskontrakten med oppstart desember 2030 vert kunngjord hausten 2026, etter politisk handsaming i fylkesutvalet. Skyss ønskjer å leggje til rette for tilstrekkeleg tid mellom kontraktssignering og driftsoppstart til at - operatør kan bestille og få levert nybygg - operatør og verft får tilstrekkeleg tid til fartøytesting etc. - operatør får etablert naudsynt ladeinfrastruktur Vi ønskjer difor oppdaterte innspel frå marknaden på følgjande: - basert på dei føresetnadane nemnd over - kor lang tid har vinnande operatør behov for frå kontraktssignering til driftsoppstart? 2.1 Mannskapskostnader Med utgangspunkt i pågåande vurderingar ønskjer vi innspel på korleis nattliggje, driftsdøgn og fartøystorleik påverkar mannskapskostnad: - Er kostnadane ved nattliggje avhengig av liggjestad (Leirvik, Sunde, Skånevik, Ølen)? • Finst det skiftordningar som er betre eigna for fartøy viss opningstida for ruta går utover dagens 13 timer ekskl. tid for klårgjering og avslutning? o Vil kostnadane stige meir enn proporsjonalt til tal driftstimer? o Evt. andre effektar de meiner er relevante? - Kan ein alternativt sjå føre seg at mannskap byter fartøy i løpet av dagen, for å optimalisere fartøybruk og skiftordning? • Vil ein reduksjon i fartøystorleik med ned til 147 PAX på eit hybridelektrisk fartøy gje reduserte mannskapskrav og tilhøyrande innsparing i driftskostnader?

    Kontakt navn
    Åshild Fossgard Sandøy
    Kontakt telefon
    +47 05557
    Adresse
    Lars Hilles gate 22, 5008 BERGEN

Se hele utlysningen

Tittel
RFI - Marknadsundersøking knytt til Sunnhordlandsruta
Lokasjon

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner