Anbudsoversikt for Fleksibel transport, Tertnes

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Persontransporttjenester

Skyss ønsker tilbod på drift av pilot på bestillingstransport i Tertnes-området. Målsettinga er at piloten skal gå over to år. Piloten inkluderer drift av eit køyretøy med sjåfør og eit komplett system for handtering av transport-bestillingar og automatisk planlegging av transport. Skyss ønsker å tildele éin kontrakt som inkluderer hele tenesta (system, materiell og sjåfør), og vil berre inngå kontrakt med éin tenesteleverandør.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
Fleksibel transport, Tertnes
Varighet
48 måneder
Tildelingskriterium 1

Kvalitet på gjennomføring av oppdraget
Tildelingskriterium 2

Miljø - om det vert tilbydd nullutsleppskøyretøy
Tildelingskriterium 3

Kvalifikasjonskrav 1

Krav: Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak Dokumentasjon: Norske verksemder: Firmaattest frå Brønnøysundregistrene* http://altinn.no Utanlandske verksemder: Stadfesting om at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert Gruppe av leverandørar: Dersom grupper av leverandørar vurderer å levere tilbod saman, vil det bli stilt krav om at det vert etablert eit juridisk selskap med solidarisk ansvar innan kontraktsignering.
Kvalifikasjonskrav 2

Krav: Tilbydar skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell styrke til å kunne oppfylle kontrakten. Dokumentasjon: Årsrekneskap Tilbydarens årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei tre siste rekneskapsåra. Dersom revisorgodkjent rekneskap for 2021 ikkje er tilgjengeleg, vil det vere tilstrekkeleg med førebels rekneskap for 2021. Bilag E Nøkkelopplysningar skal fyllast ut og leggast ved. Kredittvurdering Oppdragsgjevar tek atterhald om sjølv å gjennomføre kredittvurdering ved hjelp av uavhengig kredittvurderingsselskap. Finansiell styrke blir vurdert i høve til omsetning, resultatgrad, eigenkapitalandel og likviditet. Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
Kvalifikasjonskrav 3

*Krav: Tilbyder må oppfylle vilkåra for utøving av persontransport i Yrkestransportforskrifta av 26. mars 2003 nr.401. Dokumentasjon: Stadfesting av at dei ressursane som skal gjennomføre transporten, vil oppfylle krava. *Krav: Tilbydar må ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast. Tilbydar må råde over tilstrekkeleg mengde køyretøy for denne kontrakten. Dokumentasjon: Ei kort og overordna skildring av verksemda som inkluderer: - Ei skildring av verksemda sin overordna organisering og tal på tilsette - Kjernekompetanse relatert til leveringa - Mengde relevante køyretøy - Dersom aktuelt: ei skildring av kor stor del av avtalen leverandøren vurderer å setje bort til underleverandørar. *Krav: Tilbydar må ha tilstrekkeleg røynsle frå liknande transporttenester. Liknande røynsle kan være erfaring med transport av passasjerar, til dømes erfaring frå rutebusskøyring og drosjekøyring/ skoleskyss/ pasienttransport. Dokumentasjon: Leverandør sine referansar for relevante oppdrag siste 3 år. Referansane skal som minimum innehalde informasjon som er etterspurd i Bilag D, som skal fyllast ut og leggast ved. Dersom tilbydar utelukkande kan vise til referanseoppdrag som underleverandør, kan kravet vurderast som oppfylt, dersom oppdragsgivar vurderer det som sannsynleg at tilbydar sjølv har hatt ei rolle eller ansvar som kan likestillast med eigen erfaring opparbeidd som ansvarleg kontraktspart. *Krav: Leverandør må ha eit kvalitetssikringssystem. Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle dette kravet. Dokumentasjon: Skildring av kvalitetssikringssystem og eventuelt vedlagt sertifisering av selskapet sitt kvalitetssikringssystem. Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande kvalitetssikringssertifisering, er det tilstrekkeleg å leggje ved kopi av gyldig sertifikat. Hovudleverandør må oppfylle dette kravet. *Krav: Leverandør må ha eit miljøleiingssystem. Dokumentasjon: Skildring av kvalitetssikringssystem og eventuelt vedlagt sertifisering av selskapet sitt kvalitetssikringssystem. Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande kvalitetssikringssertifisering, er det tilstrekkeleg å leggje ved kopi av gyldig sertifikat. Hovudleverandør må oppfylle dette kravet.
Kvalifikasjonskrav 4

Sjå punkt 111.1 med underpunkt over. Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Tilbyder må oppfylle vilkåra for utøving av persontransport i Yrkestransportforskrifta av 26. mars 2003 nr.401 Tilbydar må ha tilstrekkeleg gjennomføringsevne og kapasitet i høve til ytingane som skal leverast. Tilbydar må råde over tilstrekkeleg mengde køyretøy for denne kontrakten Tilbydar må ha tilstrekkeleg røynsle frå liknande transporttenester. Liknande røynsle kan være erfaring med transport av passasjerar, til dømes erfaring frå rutebusskøyring og drosjekøyring/ skoleskyss/ pasienttransport. Leverandør må ha eit kvalitetssikringssystem. Hovudleverandør må oppfylle dette kravet. Leverandør må ha eit miljøleiingssystem. Hovudleverandør må oppfylle dette kravet.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner