Skyss er mobilitetseininga til Vestland fylkeskommune, og har ansvar for å utvikle og drifte kollektivtrafikken i fylket. Hovudoppgåvene er å planleggje og utvikle linjenett og rutetilbod, tildele transportkontraktar for buss, båt og ferje, sørgje for lovpålagd skuleskyss, informere og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar, gi kundeservice og utvikle nye og kombinerte mobilitetstenester. Utviklinga av tilbod og tenester skal skje med grunnlag i vedtekne planar og strategiar, dei reisande sine behov og i takt med endringar i bransjen. Skyss sitt budsjett vert vedteke av fylkestinget og set rammer for kva tilbod som er mogleg å tilby.
Regional transportplan 2022–2023, vedteken av fylkestinget i desember 2021, peikar i kapittel 4.2.3.8 Turistruterunder plantema 4.2 Mobilitet og kollektivtransportpå at turistar og fritidsreiser er ein naturleg del av reisestraumane.
Skyss arbeider med å sjå kollektivtilbodet og reiselivet i samanheng og følger opp politiske vedtak mellom anna knytt til budsjetthandsaming. Skyss ønskjer i den forbindelse innspel frå reiselivsnæringa for å finne løysingar som sikrar god besøksforvaltning, god kollektivpolitikk og styrka finansiering av det offentlege kollektivtilbodet. Innspela vil bli nytta i arbeid med innstilling til vidare politisk handsaming, innan dei rammar Skyss og fylkeskommunen har.
Det er særleg ønskjeleg med innspel knytt til desse punkta:
Er dagens situasjon, slik ho er skildra i vedlagde fil «2025 08 Trekk ved reiselivet i Noreg og i Vestland», i samsvar med dykkar eigne erfaringar?
•Kva viktige moment manglar?
•Kva utfordringar ser de?
•Kva er viktige turiststraumar i Vestland som kollektivtilbodet bør ta høgde for?
•Korleis når vi turistane både før og medan dei er i Vestland?
Korleis ønsker de situasjonen skal være i framtida?
•Kva billettløysingar, teknologiske løysingar og anna kan legge til rette for at turistar nytter kollektivtilbodet i fylket?
Kva inntil fem tiltak meiner de Vestland fylkeskommune bør leggje til rette for å komme dit?
Vi ber om at innspela er poengterte og dokumenterte til dømes i ein presentasjon som vert sendt til larskei@skyss.no innan utgangen av 19.9.2025.
Avhengig av omfang på dei innkomne innspela, kan det bli invitert til dialogmøte der det blir høve til å leggje fram innspela.