Anbudsoversikt for Automatisert resevane- og kundeundersøking

Utgått

Konkurransen er utgått uten at vinner er annonsert.

Brief

Bedriftsrådgivning

Skyss ønsker tilbod på automatiserte reiseundersøkingar som, etter samtykke frå kunden, kan spore og summere reisene deira, frå dei startar reisa si, eventuelt går om bord på Skyss sine køyretøy eller fartøy og når fram til endeleg destinasjon. Reiseundersøkingane skal omfatte alle reiser, også dei som ikkje inneber bruk av Skyss sine køyretøy eller fartøy. Undersøkingane skal være automatiserte, og ikkje krevje anna handling enn samtykke frå Skyss sine kundar. Samstundes må personvernet ivaretakast på ei slik måte at verken leverandør, Skyss eller andre kan gjenkjenna enkeltpersonar ut frå lagra data.

Slipp å lese og skrive alt selv, la Cobrief gjøre det for deg!

Prøv Cobrief Pro

Om anbudet

Se hele utlysningen

Tittel
Automatisert resevane- og kundeundersøking
Varighet
48 måneder
Kvalifikasjonskrav 1

*Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Dokumentasjon: • Norske selskap: Firmaattest frå Brønnøysundregistra.Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som føreskrive i lovgjevinga i det landet der leverandøren er etablert
Kvalifikasjonskrav 2

Leverandøren skal ha tilstrekkeleg økonomisk og finansiell kapasitet til å kunne utføre kontrakten. Dokumentasjon: Oppdragsgjevar vil i utgangspunktet sjølv innhente ei kredittvurdering av leverandøren. Kredittvurderinga baserer seg på siste kjende rekneskapstal. Finansiell styrke vert vurdert i forhold til omsetnad, inntening, soliditet og likviditet. Oppdragsgjevar tek atterhald om å hente inn leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjonsmelding frå det siste året. Utanlandske leverandørar bes om å levera inn årsrekneskap, inkludert eventuelle noter med styre- og revisjonsmelding, frå de siste to årene. Dersom leverandøren av gyldige grunnar ikkje kan leggje fram den dokumentasjonen oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere den økonomiske og finansielle stillinga si med eit kvart anna dokument som oppdragsgjevar kan akseptere.
Kvalifikasjonskrav 3

*Leverandøren skal ha røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. Dokumentasjon: Skildring av dei 3 mest relevante oppdraga frå leverandøren i løpet av dei siste 3 åra Skildringa må inkludere informasjon om verdien av oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post). Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klårgjering av relevansen av oppdraget. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. Leverandøren skal nytte referanseskjema i Vedlegg 5. *Leverandør må ha relevante tiltak innafor kvalitetssikring.Hovudleverandør kan ikkje støtte seg på andre leverandørar for å oppfylle dette kravet. Dokumentasjon: Skildring av kvalitetssikringstiltak. Dersom leverandøren er sertifisert etter ISO 9001 eller tilsvarande kvalitetssikringssertifisering, er det tilstrekkeleg å leggje ved kopi av gyldig sertifikat. *Leverandør må ha relevante tiltak innafor miljøleiing. Skildring av miljøleiingstiltak. Dersom leverandøren er sertifisert etter miljøfyrtårn, EMAS, ISO 14001 eller tilsvarande miljøleiingssystem, er det tilstrekkeleg å legge ved kopi av gyldig sertifikat.

Tidslinje

Se aktive konkurranser som ligner