Tildelingskriterium 2Klima- og miljø
I følgje forsyningsforskrifta § 7-9 andre ledd skal offentlege oppdragsgjevarar vekte klima- og miljøomsyn med minimum tretti prosent. Etter fjerde ledd kan denne plikta fråvikast dersom det er «klart» at minimumskrav til klima- og miljø gir «betre klima- og miljøeffekt» enn eit tildelingskriterium med tretti prosent vekt ville gitt.
I tillegg til forsyningsforskrifta § 7-9 andre ledd, gjeld forskrift om utsleppskrav til køyretøy ved offentleg anskaffing til vegtransport («Nullutsleppsforskrifta»). Forskrifta pålegg offentlege oppdragsgjevarar å stille særskilde miljøkrav ved anskaffing av køyretøy som fell inn under forskrifta. Etter oppdragsgjevar si vurdering vil alle dei relevante busstypane som inngår i denne Kontrakten vere omfatta av § 3 bokstav e.
Oppdragsgjevar har gjort ei grundig vurdering av operatør sitt reelle handlingsrom for å tilby utsleppsfrie bussar. Nordhordland har svak veginfrastruktur med vesentlege avgrensingar knytt til tillaten aksellast. Om lag halvparten av ruteproduksjonen skjer på Bk8- eller BkT8-vegar, jf. forskrift om bruk av køyretøy § 5-4. Desse rutene er i hovudsak knytt til skuleskyss, der det ligg føre rettslege krav etter opplæringslova om forsvarleg skuletransport for elevane.
Oppdragsgjevar har i dialog med vegeigarar søkt å få omklassifisert Bk8- og BkT8-vegar til Bk10 for å utvide handlingsrommet for utsleppsfrie køyretøy. Søknadane er i stor grad avslått med grunngjeving i låg bereevne på vegar og bruer, og fleire kommunar har peikt på manglande økonomiske ressursar til utbetring. Alternative trasear er vurderte, men desse er få og vil i fleire tilfelle medføre skulevegar som overstig dei rettslege avstandsgrensene i opplæringslova kapittel 7.
Vidare har Oppdragsgjevar vurdert om det er eit alternativ å nytte minibussar for lovleg å kunne køyre på Bk8 og BkT8-vegar. Ei slik løysing ville kravd fleire bussar grunna tapt setekapasitet. Fleire bussar gir eit høgare samla klimaavtrykk, og utnyttingsgraden av desse bussane vil være låg, ettersom dei ikkje er tenlege å nytte på andre linjer i Kontrakten.
For å sikre best mogeleg klima- og miljøeffekt, har Oppdragsgjevar stilt minimumskrav til at 1 900 000 Rutekilometer per år, vert køyrd med heilelektriske køyretøy. Dette tilsvara den delen av Ruteproduksjonen som går på Bk10-vegar. For den delen av Ruteproduksjonen som ikkje kan gjennomførast med heilelektriske køyretøy på grunn av låg vegbruksklasse, har Oppdragsgjevar i tråd med nullutsleppsforskrifta § 4 bokstav c og § 4 siste ledd vurdert bruk av biogass.
Hovudargumentet mot bruk av biogass i Norhordland er at dei bussane som potensielt kunne nytta biogass, også vert stasjonert på andre anlegg enn hovudbussanlegga, for å unngå unødvendig tomkøyring. Det vil innebere at det på fleire ulike lokasjonar vil vere naudsynt å etablere fasilitetar for trygg og effektiv drift av biogasskøyretøy, som t.d. trykktankar, mottaksstasjonar for tankbiltransport, ventilasjon, gassdetektorar og beredskapssystem. Etablering av slike fasilitetar på andre plassar enn hovudbussanlegg, inneber store investeringar i teknisk infrastruktur og sikkerheit, og vil krevje høg ressursbruk og betydelege inngrep i både bygg og grunn. Dette er ikkje i tråd med omsyna til effektiv bruk av samfunnets ressursar, jf. lov om offentlege anskaffingar (loa.) § 1, og heller ikkje i tråd med føremålet i loa § 5.
Det same gjeld dersom ein skulle etablert tilsvarande fasilitetar på hovudbussanlegga, særleg når dette må kombinerast med tilrettelegging for ladeinfrastruktur til elektriske køyretøy. Summen av desse tiltaka gir eit betydeleg klima- og miljøavtrykk, som står i direkte motstrid til formålet om å redusere utslepp frå kollektivtransporten. Når ein veg dei samla kostnadene, risikoen og miljøbelastninga ved etablering av biogassfylling og biogassdrift opp mot andelen av bussparken dette kunne ha vore aktuelt for, er oppdragsgjevar si vurdering at biogass ikkje framstår som føremålstenleg i Nordhordland.
I tillegg til utfordringane kring stasjonering av biogassbussane, har desse bussane gjennomgåande høgare eigenvekt enn tilsvarande dieselbussar, typisk 1–2 tonn meir, som følgje av trykktankar og komprimeringssystem. Denne auka vekta medfører at aksellasta på bussane ofte overstig den lovlege grensa på 8 tonn som gjeld for Bk8- og BkT8-vegar. Sjølv om det potensielt finst biogass-bussar med låg nok eigenvekt, er Oppdragsgjevars vurdering at konkurransen i denne delen av bussmarknaden er svak. Oppdragsgjevar vurderer at konkurranseomsynet etter lov om offentlege anskaffingar (loa.) § 4 talar mot å stille krav som i realiteten berre kan oppfyllast av eit fåtal leverandørar. Dette vil svekke konkurransen og dermed vere i strid med grunnleggjande prinsippet om konkurranse.
For å likevel garantere høgast mogeleg klima- og miljøeffekt i denne anskaffinga, har Oppdragsgjevar vald å stille skjerpa krav til miljø i Kontrakten. Døme på slike krav finst i Prosedyreskildringa punkt 8.3
Kvalifikasjonskrav 1
Tilbydar må ha tilstrekkeleg erfaring og kompetanse av relevans for dette oppdraget.
Tilbydar skal dokumentere erfaringa ved å fylle ut vedlegg B for det/dei relevante referanseoppdraget/a tilbydar har gjennomført dei siste tre åra. Det er tilbydars ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa.
Oppdragsgjevar tek atterhald om retten til å kontakte oppgitte referansar og til å vektlegge vurderinga som vert gitt av kontaktpersonen i samband med evalueringa av tilbydaren sine kvalifikasjonar.